Opna hovudmenyen

Hurtigruta

passasjer-, post- og godsrute som siglar frå Bergen til Kirkenes
MS «Polarlys»
MS «Richard With»

Hurtigruta er ei passasjer-, post- og godsrute som siglar frå Bergen til Kirkenes. 11 skip som kvar brukar 11 dagar på ein rundtur betener ruta. Til saman er det 34 stoppestader.

Samferdsledepartementet har løyveansvaret for Hurtigruta og kjøper tenester på strekninga i den private leverandørmarknaden. Gjeldande avtale er inngått med reiarlaget Hurtigruten AS for perioden 2012-2019, med opsjon på eitt års forlenging.[1] For perioden 2021-2030 er det inngått avtale med reiarlaga Havila Kystruten AS og Hurtigruten AS for høvesvis fire og sju skip.[2]

Hurtigruta er avhengig av statstilskot, og har vore det sidan oppstarten i 1893. Samferdselsdepartementet la ut nytt anbod for trafikkering på denne strekninga frå 1. januar 2005 fram til 31. desember 2012 og var open for internasjonale verksemder, men fekk berre eitt anbod, nemleg frå OVDS og TFDS. (Desse 2 selskapa utgjorde i si tid Hurtigruta, men fusjonerte 1. mars 2006 til HRG). I desember 2004 gjorde så Staten og hurtigruteselskapa ein avtale for tida fram til 2012 om at Hurtigruta skal segla dagleg, heile året, mot eit statstilskot på 1,9 milliardar kroner.

HistorieEndra

Hurtigruta vert etablertEndra

Indredepartementet lyste ut anbod i 1891 for igangsetjing av ei snøggrute som skulle gå frå Trondheim og nordover til Vadsø om sommaren, eller til Hammerfest om vinteren, to gonger i veka. Ingen leverte inn anbod.

Denne utlysinga vart forandra 21. september 1892 etter forslag frå Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS), der det berre var krav om ein tur i veka, og at ho berre skulle gå til Tromsø om vinteren og til Hammerfest om sommaren. VDS vann anbodet.

Den første rundreisaEndra

 
DS «Vesteraalen» nær Bodø i 1893

DS «Vesteraalen» gjekk på den første reisa si frå Trondheim 2. juli 1893, og Richard With var kaptein. Ho gjekk innom Rørvik, Brønnøy, Sandnessjøen, Bodø, Svolvær, Lødingen, Harstad, Tromsø, Skjervøy og til slutt Hammerfest.

Det var mange som ikkje trudde på at Hurtigruta ville kunna halda ein stram ruteplan i den mørke og vêrharde nordnorske vinteren. Det første prøveåret viste likevel at dette lét seg gjera. «Vesteraalen» var omtrent like punktleg om vinteren som om sommaren. Kaptein Richard With og los Anders Holte hadde gått nøye gjennom seglingsleia og hadde skrive ned kursar, strekningar og passeringstider. Dei utarbeidde så kurstabellar som gjorde at ein kunne segla på bestikk (etter klokke, logg og kompass) i dei fleste vêrtypane.

Sommaren 1894 blei det gjeve klarsignal for skip nummer to, medan det tredje skipet kom til i 1898. Dette var det første som segla frå Bergen.

Reisetid og stoppestaderEndra

 
Stoppestader
 
MS «Nordkapp» og MS «Polarlys»

Den første reisa, frå Trondheim til Hammerfest, tok 67 timar. Dagens reisetid, over hundre år seinare, er 33 timar for strekket frå Trondheim til Svolvær, og 41 timar og 15 minutt for strekket frå Trondheim til Hammerfest.

Ein rundtur Bergen–Kirkenes–Bergen tek 11 døgn. Sørgåande sigling (Kirkenes–Bergen) tek fem døgn, nordgåande seks døgn.

Stoppestader dag for dag[3]Endra

HurtigruteskipEndra

Ti skip bygde mellom 1964 og 2009 utgjer dagens flåte. Dei har ein maksfart på rundt 20 knop, men ruta er lagt opp til ca. 15 knop. Skipa er:[3]

Det tidlegare hurtigruteskipet MS «Narvik» vart seld til Rogaland sjøfartskole i februar 2007. Skipet vert nytta som skuleskip med namnet MS «Gann». MS «Lyngen» vart seld til amerikanske Lindblad Expedition hausten 2007. Bortsett frå «Trollfjord», «Narvik» og «Nordkapp» har desse namna lange tradisjonar innan hurtigrutefarten.

Havila Kystruten har fire skip under bygging som skal inn i Hurtigruta frå 2021, alle med lengd på 122,7 meter, breidd på 22 meter og passasjerkapasitet på 640. Dei fire skipa vil få namna «Havila Capella», «Havila Castor», «Havila Polaris» og «Havila Pollux».[3] Hurtigruten AS som skal halde fram med sju skip i Hurtigruta vil bygge om dei aktuelle skipa for å innfri krava til utslepp og miljø.[4]

UlukkerEndra

Laurdag 9. april 2011 då hurtigruteskipet MS «Trollfjord» å til kai i Tromsø fall ei 70 år gammal kvinne frå Trondheim ned heile gangbrua mot kaia. Ho vart frakta medvistlaus til Universitetssjukehuset Nord-Noreg. Seinare vart ho frakta til eit sjukehus i Trondheim, der ho døydde 14. april.[5]

Torsdag 15. september 2011 byrja hurtigruteskipet MS «Nordlys» å brenne ca. 10 nautiske mil frå Ålesund. Brannen starta i maskinrommet. Skipet låg til kai i nærleiken av Radisson Blu Hotel, så heile hotellet vart evakuert. To personar omkom, ni vart sendt til Ålesund sjukehus og ein vart sendt til Haukeland Universitetssjukehus. 16 personar vart skada ein eksplosjonsarta brann som starta i maskinrommet. Då skipet la til kai vart eit hol i skipssida og skipet byrja å ta inn vatn og fekk slagside.[6][7][8]

Hurtigruten minutt for minuttEndra

Hurtigruten minutt for minutt er verdas lengste direktesendte fjernsynsprogram, laga av NRK. Programmet gjekk på NRK2 og NRK Nett-TV frå 16. juni 2011 klokka 19:45 til 22. juni 2011 klokka 09:45 og varte i heile 134 timer, 42 minuttar og 45 sekunder. I programmet får ein sjå hele turen med hurtigruteskipet MS «Nordnorge» frå Bergen til Kirkenes. Hausten 2011 kom programmet med i Guinness rekordbok som verdas lengste direktesendte fjernsynsdokumentar.[9]

ReferansarEndra

  1. Samferdselsdepartementet (15. desember 2016), «Kystruten Bergen-Kirkenes», Regjeringen.no (på norsk), henta 5. mars 2019 
  2. Samferdselsdepartementet (12. desember 2018), «Kystruteavtale for perioden 2021-2030», Regjeringen.no (på norsk), henta 5. mars 2019 
  3. 3,0 3,1 3,2 Samferdselsdepartementet, «Opplysninger om omfanget av gjeldende kystruteavtale» (PDF), Regjeringen.no (på norsk), henta 5. mars 2019  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «:0» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  4. Samferdselsdepartementet (23. mars 2018), «Havila og Hurtigruten får kontrakter på kystruten Bergen-Kirkenes», Regjeringen.no (på norsk), henta 5. mars 2019 
  5. Døde etter å ha falt ned gangbrua
  6. Hurtigruten i brann
  7. Brann om bord i Hurtigruten: Politiet bekrefter at to er omkommet
  8. Hurtigruten tar inn vann og har fått slagside
  9. Fordal, Jon Annar (14. juni 2011), «Hurtigruten minutt for minutt», NRK (på bokmål), henta 5. mars 2019 

BakgrunnsstoffEndra