Bjørn Helge Riise

norsk fotballspelar

Bjørn Helge Riise (fødd 21. juni 1983 i Ålesund) er ein norsk fotballspelar som har spela for Crystal Palaceandre nivå i den engelske fotballserien og for det norske fotballandslaget.

Bjørn Helge Riise
Personleg informasjon
Fullt namn Bjørn Helge Riise
Fødd 21. juni 1983
Fødestad Ålesund
Høgd 175 cm
Posisjon Midtbane, ving
Klubbinformasjon
Noverande lag
Crystal Palace
Ungdomsklubbar
-2000 Noreg Hessa
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2000-03
2003-04
2004-05
2005-09
2009-
2011
Noreg Aalesund
Belgia Standard Liège
Belgia Brussel
Noreg Lillestrøm
Fulham
Crystal Palace (lån)
49 (5)
17 (0)
31 (2)
86 (10)
15 (0)
6 (1)
Landslag

2006-
Noreg Noreg U21
Noreg Noreg
16 (5)
24 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. mars 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 12. mai 2010

Riise reiste til Belgia som 18-åring og spelte fotball i to belgiske klubbar før han vende attende til norsk fotball sommaren 2005. Han skreiv då under på ein tre og eit halvt år lang kontrakt med Lillestrøm. 22. juli 2009 signerte Riise for Fulham for ein overgangssum som ein gjekk ut frå var rundt 2 millionar pund.

Riise debuterte for Noreg sitt A-landslag i ein EM-kvalifiseringskamp mot Malta 2. juni 2007. Han skåra det første landslagsmålet sitt mot Bosnia-Hercegovina 17. oktober 2007.

Bjørn Helge Riise er veslebroren til fotballandslagsspelaren John Arne Riise.