Ålesund

by i Noreg

Ålesund er ein by og administrasjonssenter i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden strekkjer seg òg over kommunegrensa til Sula kommune.

Ålesund
by
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ålesund
Del av Ålesund
Areal 27,67 km²
Folketal 55 386  (2023)
Folketettleik 2 002 / km²
Postnummer 6000
Innbyggjarnamn ålesundar/ålesunding
Preposisjon i Ålesund
Kart
Ålesund
62°28′20″ N 6°9′18″ E

Tettstaden Ålesund strekkjer seg såleis over alle dei sentrale øyane som Ålesund består av, frå Hessa, via Aspøya, Nørvøya, Oksnøya og deretter over Vegsundet til øya Sula og Sula kommune, og deretter langs mesteparten av Sula til Langevåg.

Ålesund hadde 47 772 innbyggjarar pr 1. januar 2011[1]. Av desse budde 39 367 i Ålesund kommune, og 7 104 i Sula kommune.

Kystbyen er ei av verdas største eksporthamner for klippfisk og har ei travel fiskerihamn midt i sentrum med sal av fersk fisk og reker. Ålesund huser eitt av fylket sine to eliteserielag i fotball, Aalesunds FK.

Ålesund er internasjonalt kjend for sin særprega arkitektur i jugendstil med tårn, spir og fantasifulle ornament på husfasadane. Arkitekturen i sentrum av Ålesund er resultatet av den katastrofale bybrannen i 1904, då heile sentrum blei lagt aude. Arkitektane som var med i gjenreisinga, var unge, norske og inspirert av dåtida sin moderne byggestil, i tillegg til nasjonale og nasjonalromantiske impulsar. Difor har byen ein unik plass i norsk arkitekturhistorie og er med i eit europeisk nettverk for art nouveau[2] saman med mellom anna Glasgow, Nancy, Wien, Barcelona, Brussel og Riga.

Ålesund er i dag ein by i vekst; innbyggartalet har auka frå 35 000 (1993) til 43 000 (2009), og ein forventa det vil passere 50 000 innan 2018. Byen har vakse saman med nabokommunane Sula og Giske som ligg tett til Ålesund då dei undersjøiske tunnelane gjer at folk kan køyre til Ålesund sentrum i løpet av 5-15 minutt. Med om lag 200 butikkar og 60-70 serveringsstader, er Ålesund sentrum det største handels- og servicsenter mellom Bergen og Trondheim.[treng kjelde]

Ålesundregionen er den største byregionen mellom Bergen og Trondheim og er eit kjerneområde på Sunnmøre når det gjeld næringslivsaktivitet og folkesetnad og fungerer som eit teneste- og kommunikasjonsknutepunkt for heile regionen.

Ålesund er og hovudby i regionrådet Ålesundregionens Utviklingsselskap (ÅRU), ein region med over 100 000 innbyggarar.

Ålesund ligg omtrent midt mellom Bergen og Trondheim (Ca 3 mil kortare til Bergen).

Historie endre

Ålesund fekk full bystatus (kjøpstad) i 1848, den hadde då vore losse- og ladestad sidan 1793. Byen Ålesund voks frå denne tida fram omkring sjølve Ålesundet, sundet som skil Aspøya og Nørvøya. Busetnaden var først konsentrert omkring sundet og Brunholmen, og grodde etterkvart bortetter dei to øyane. På slutten av 1800-talet hadde området kring sundet fått ein bymessig preg med regulerte gater og kvartal.[3]

 
Ålesund i 1869 (foto frå Edward Backhouses reise i 1869)

Ålesund vart eige prestegjeld i 1858, og hadde inntil då vore annekssokn under Borgund.[4] Sjølve Ålesund er lite omtala i dei eldste historiske kjeldene, derimot er til dømes Steinvåg (Steinvágr) nemnt i samband med Olav den Heilages vitjing i 1029, Erling Skakke i 1162, kong Sverre i 1184 og dronning Margrethe i 1264. Borgund (no del av Ålesund kommune) og Giske er historiske stader. Borgund var ein liten kjøpstad i mellomalderen, men mista rolle som handelsplass fordi hamna der ikkje var god nok. Lenger vest, ved Steinvåg og Ålesundet, var det betre hamnetilhøve. Hans Strøm nemner i 1766 Aalesund som eit lite sund mellom Nørvøya og Aspøya. Frå slutten av 1700-talet var Ålesund tilhald for nokre handelsmenn mellom anna på Brunholmen og Hellen, til dømes Hans Holtermann. I 1793 fekk Ålesund løyve til å drive innanrikshandel (inkludert Danmark). Handelsmenn måtte då til Bergen for å importere eller eksportere varer.[5] Kjøpmennene i Bergen meinte i 1818 at Ålesund ikkje hadde behov for fulle byrettar og at det var unødvendig å forsyne kysten med ein «tarm av småbyar»:

«Søndmøringen har let for at søge til Bergen med sine fiskevarer, da reisen frem og tilbage kun udfordrer 14 dage, og ingen fartøier er bedre og mere seilbare end de søndmørske, som bevises deraf at de under krigen endog gjorde turer til Danmark efter kornvarer. (...) Fiskeriet på Søndmør er nu for ringe til at en kjøpstad for samme gjøres nødig; og til fiskeriet paa Storeggen kan ikke gives bekvemmere fartøier end de nu brugelige aabne baade, og havde man fundet dæksfartøier bekvemmere, vilde man ikke undladt at betjene sig af disse.» [6]

Postmeister og stortingsmann Peder Tonning og framfor alt Carl Rønneberg blir rekna som det moderne Ålesunds grunnleggjarar. Dei sørgde for at Ålesund i 1824 fekk rett til å importere og eksportere varer, uten å gå om Bergen. I dei neste tiåra voks Ålesund samstundes som Bergens dominans over handelen avtok. I 1836 var Hellebroen bygd mellom Nørvøya og Aspøya. I 1841 vart det skipa eigen sparebank. 13. april 1848 vart Ålesund kjøpstad ved vedtak i Stortinget. I 1849 fekk byen eigen byfogd som var kombinert fut, magistrat og politimeister, eige politimeisterembete kom rundt 1870.[5]

I 1872 skildra forfattaren Magdalene Thoresen byen slik:

«Det er et friskt syn at se denne lille kystby med sine nybyggede huse, strøet ud over de nøgne hauger, der ofte ligner skjær, og man faaer indtrykket af, at den er reist i en fart, bygget op af slumplykken og de stemninger, som følger med et raskt, farefuldt erhverv. Her gaar ingen jevn stillferdig overveielse gjennom noget; selv de store, svimlende pakhuse og enkelte pragtbygninger taler kun om gevinstens hurtige stigen og de dristige forhold til store spekulationer. Der er naturligvis ogsaa bygninger, som tydelig viser, at her bor velstanden i sin trygge indelukker, her voves ikke mere, her hviles! Men det meste giver dog indtrykket af den hurtige opkomst.»[7]
 
Tørking av klippfisk i Ålesund. Foto i samband med Stortingets Jernbanekomites vitjing i Ålesund 9. september 1920

Også før den katastrofale bybrannen i 1904 vart byen merka av brann. I februar 1880 brann heile sjøbukvartalet i Kippervika.

Folketal endre

Folketalet i Ålesund by:[8]

År folketal merknad
1801 226
1825 289
1835 482
1845 1157
1855 1856
1865 3658
1875 5783 bygrensa utvida
1895 9300
1900 11770
1910 13836

Bybrannen endre

 
Foto fra 1885, før brannen
 
Bygningsdetalj, Jugendstil.

Klokka 02:15 23. januar 1904 kom det fyrste brannsignalet inn til brannstasjonen på Lihaugen. Brannen herja utover natta, formiddagen og ettermiddagen før han gav seg.

Brannen starta på Aspøya, i Aalesund Preserving Co. sin fabrikk, som låg der Nedre Strandgate 39 ligg i dag. Brannen slutta like vest for det som i dag er Brusdalshagen (Borgundvegen 39). Det siste huset som brann stod der Borgundvegen 37 er i dag. Totalt brann omtrent 850 hus og det var berre rundt 230 hus som stod att innanfor bygrensa. Berre ein person omkom under brannen. Dette var den til då største brannen i landet. Forsikringsselskapa sine tap var på til saman 9.459.820 kr (i den tids kroneverdi).[9]

Bybrannen blei omtalt i nasjonale og internasjonale media, og mykje hjelp blei sendt til byen. Keisar Vilhelm II av Tyskland sende fire skip lasta med hjelpemannskap, mat, medisin og anna naudsynt utstyr.[10][11]

Etter brannen vart byen raskt oppbygd i mur og ny stil. Bygga er dels oppført i murstein kjøpt frå Fredrikstad, Bergen og Sykkylven. Det er og brukt såkalla Ålesundsmur som er stein av gneis får Ålesund med sement mellom steinane og puss utvendig. Ein del bygg er oppført i granitt frå Iddefjorden, og nokre bygg, som kyrkja på Aspøya, er kledd med norsk marmor frå Nordmøre.[12] Arkitektane Hagbart Schytte-Berg, Karl Norum og Jens Zetlitz Monrad Kielland hadde flest oppdrag og fekk sette mest spor etter seg i gjenoppbygginga. Schytte-Berg, Kielland og andre arkitektar var utdanna i Tyskland og tok med seg jugendstilen (art nouveau) heim.[13]

Etter brannen vart det innført murtvang i alle byar og bymessige strok i heile landet, tidlegare hadde berre Kristiania, Bergen og Trondheim hatt murtvang.[13]

Geografi endre

Ålesund kommune er om lag 98 km² stor. Dette gjer Ålesund til ein av dei minste bykommunane i landet i utstrekning, noko som og gjer at dei omkringliggande tettstadane har eit naturleg og tett forhold til byen. Berre 8 km² er jordbruksareal. Ålesund ligg ytst ved fjordsystema på Sunnmøre. Kystbyen omfatta øyene Hessa (4 km²) i vest, Aspøya (0,5 km²) og Nørvøya (7 km²) i sentrum, samt halve Oksnøya (58 km² tilhøyrer Ålesund kommune) i aust. I nord ligg den langstrakte Ellingsøya (22 km²) åtskilt frå dei andre øyene ved Ellingsøyfjorden. Det er tunnelsamband under fjorden frå Ålesund sentrum. Andre øyer er Humla og Tørla, som ligg sør-aust i kommunen, nær Sula kommune. I tillegg høyrer ei rekke små øyer utan særskilt busetnad.

I nord går kommunegrensa langs grytefjorden mellom Ellingsøya og fastlandet. Valderhaugfjorden dannar grensa mot øykommunen Giske i nordvest, og i sør går Borgundfjorden mellom Ålesund og Sula.

Øyene er langstrakte i aust/vest-retning, ofte med bratte sider mot nord og vest og meir slakke sider mot aust. Landskapet er kupert med til dels markerte fjelltoppar som Sukkertoppen (314 moh.) på Hessa og utsiktspunktet Aksla (189 moh.) på Nørvøya. Berggrunnen er av gneis.

Bydelar i Ålesund endre

Ålesund er delt inn i sju bydelar[11]:

  • Hessa og Skarbøvik: 4 000 innb.
  • Aspøy: 3 100 innb.
  • Nørvøya: 11 200 innb.
  • Nørvasund: 4 000 innb.
  • Spjelkavik, Åse og Lerstad 10 600 innb.
  • Indre Borgund: 7 500 innb. (Blindheim, Flisnes, og Emblem, Humla/Tørla.)
  • Ellingsøy: 2 000 innb.

Det er vanleg å skilje mellom indre, midtre og ytre bydel. Ytre bydel ligg rundt sentrum: Hessa, Aspøy og Nørvøy. Midtre bydel er rundt Nørvasund bydel. Indre bydel er rundt Spjelkavik, Åse, Lerstad, og Indre Borgund. Ellingsøya ligg nord for dei andre bydelane.

Politikk endre

Eva Vinje Aurdal, representant for Arbeidarpartiet, er sidan oktober 2015 ny ordførar.

Samferdsel endre

Ålesund er knytt til Europaveg 136, som går frå Dombås i Oppland, og knyter Sunnmøre saman med E6 og Austlandet. Europaveg 39 mellom Bergen og Trondheim går og gjennom kommunen.

Byen er tilknytt Ålesund lufthamn og Giske kommune med undersjøiske tunnelar, som også knyter bydelen Ellingsøya saman med resten av byen.

Lufthamn endre

Ålesund lufthamn ligg på øya Vigra i Giske kommune utanfor Ålesund. Flyplassen har daglege ruter til Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og København, fleire avgangar kvar veke til både Riga og London, samt aukande chartertrafikk.

Båt og buss endre

Hurtigruta har daglege anløp i Ålesund frå nordsida av sentrum. Om sommaren er det og mogleg å reise til Geiranger med Hurtigruta frå Ålesund. Tide driv fleire snøggbåtruter frå Ålesund sentrum, med båtruter mellom anna til Hareid, Langevåg, Valderøy, Nordøyane, og Brattvåg. Ålesund har bilferjesamband på Riksveg 60 mellom Magerholm og Ørsneset (Aursnes) i (Sykkylven kommune). Dette er den mest trafikkerte ferjestrekninga i fylket, og den tredje mest trafikkerte ferjestrekninga i Norge.[treng kjelde]

Bussambandet i Ålesund er drive av Nettbuss Møre og har hovudtyngda av bussrutene mellom Ålesund sentrum og Moa. Der er det bussterminalar som knutepunkt for bussrutene mellom bydelane og vidare ut i regionen rundt byen. Det er og bussamband mot Trondheim, Bergen og Oslo.

Religion endre

 
Ålesund kyrkje.
Foto: Diego Delso

Kyrkjer i Ålesund:

Utdanning endre

 
Ålesund vidaregåande skule, også kjend som «Latinskulen».
Foto: Diego Delso

Grunnskule endre

I Ålesund er det 15 barneskular- og 5 ungdomsskular samt nokon private.

Vidaregåande skule endre

Ålesund har fem offentlege vidaregåande skular og ein privat: Ålesund vidaregåande skule ("Latinskolen"), Fagerlia vidaregåande skule, Nørve vidaregåande skule, Borgund vidaregåande skule, Spjelkavik vidaregåande skule og Akademiet Ålesund (privat).

Høgare utdanning endre

Høgskolen i Ålesund (HiALS) ligg ved Nørvasundet, 4 km frå Ålesund sentrum. Skulen har om lag 2000 studentar og 200 tilsette. Høgskulen består av fem fagavdelingar med eit breitt spekter av utdanningar på bachelor- og masternivå, i tillegg til vidareutdanningar, språkkurs og kvalifiserande kurs.[14]

Media endre

Avis endre

Sunnmørsposten er den einaste dagsavisa som kjem ut i Ålesund. I tillegg kjem den gratis vekeavisa Nytt i Uka kvar onsdag. Tidlegare hadde Ålesund fleire aviser, mellom anna Sunnmøre Arbeideravis.

Fjernsyn og radio endre

NRK Møre og Romsdal har sitt hovudkontor i Ålesund, med lokale nyheiter i fjernsyn og radio, i tillegg til vanleg lokalradio. TV2 har og distriktskontor i Ålesund. Den største lokalradioen er Radio Ålesund.

Kjende ålesundarar endre

 
Ålesund

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Statistisk sentralbyrå (1. januar 2011). Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune.. http://www.ssb.no/emner/02/01/10/beftett/tab-2011-06-17-01.html Besøkt 18. juni 2011
  2. http://www.artnouveau-net.eu/
  3. Grytten, Harald (1978): Refleksjoner over fem Ålesunds-kart frå 1800-talet. Tidsskrift for 1978, Sunnmøre historielag, 54. årgang.
  4. Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.
  5. 5,0 5,1 Helland, Amund (1911): Norges land og folk. Topografisk-statistisk beskrevet. Romsdals amt. Kristiania: Aschehoug.
  6. Helland, Amund (1911): Norges land og folk. Topografisk-statistisk beskrevet. Romsdals amt. Kristiania: Aschehoug, s.13.
  7. Helland, Amund (1911): Norges land og folk. Topografisk-statistisk beskrevet. Romsdals amt. Kristiania: Aschehoug, s.15.
  8. Helland, Amund (1911): Norges land og folk. Topografisk-statistisk beskrevet. Romsdals amt. Kristiania: Aschehoug, s.35.
  9. Helland, Amund (1911): Norges land og folk. Topografisk-statistisk beskrevet. Romsdals amt. Kristiania: Aschehoug, s.18.
  10. http://www.bybrann.no
  11. 11,0 11,1 http://www.alesund.kommune.no
  12. Helland, Amund (1911): Norges land og folk. Topografisk-statistisk beskrevet. Romsdals amt. Kristiania: Aschehoug.
  13. 13,0 13,1 Lexau Siri Skjold (2006): Vestlendingen bygger steder. Kap 6 i Helle (red): Vestlandets historie, bind 3. Vigmostad & Bjørke.
  14. http://hials.no/
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.