Bjørn Odde (25. mai 193911. januar 2020) var ein norsk felespelar og folkemusikar frå Lom kommune i Oppland.[1]

Bjørn Odde
Fødd25. mai 1939
Død11. januar 2020 (80 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar
PrisarSpellemannprisen i folkemusikk/gammeldans

Bjørn Odde har vunne Landskappleiken heile fem gonger med vanleg fele. Fyrste gongen var i 1964, og siste gongen i 1984.[2] I 1980 var han med og spela på plata Slåtten drøymd og slåtten låten med Lom Spelemannslag.[3] I 1993 spelte han inn plata Slåttemusikk fra Lom saman med spelemannen og sambygdingen Amund Bjørgen. Plata vann Spellemannprisen 1993 i klassa for folkemusikk/gamaldans.[4]

Son til Bjørn Odde, Bjarne Odde er bassist og spelar toradar. Bjørn Kåre Odde, sonesonen hans Bjørn Odde, er også ein lovande spelemann som nyleg vann stipendet Fureprisen.[5]

Kjelder

endre