Bjørn Otto Bragstad

norsk fotballspelar

Bjørn Otto Bragstad (fødd 5. januar 1971) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Trondheim, som vann 10 seriemeisterskap og tre cupgull med Rosenborg BK i tida 1990-2000. Midtstopparen spelte 15 landskampar for Noreg i 1999-2000. Storvaksne Bragstad hadde sin fremste styrke i hovudspel.

Bjørn Otto Bragstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. januar 1971 (53 år)
Trondheim
Idrett fotball
Tok del i

EM i fotball 2000

Klubbspel endre

Bragstad debuterte på Rosenborg i 1989. Sesongane 1900 og -91 fekk han ein del seriekampar, men det var fyrst i 1992 han sikra seg ein plass i fyrsteellevaren. Fram til sommaren 2000 spelte han 194 seriekampar og skåra 26 seriemål for Rosenborg. Særleg dei siste sesongane i RBK utgjorde han og Erik Hoftun eit framifrå midtstoppar-par, viktige for Rosenborgs prestasjonar i meisterligaen.

Etter EM i fotball 2000 vart han overført til engelske Derby County. Han hadde minimal suksess både i Derby og seinare i Birmingham City. Hausten 2002 skreiv han kontrakt med den austerrikske klubben Bregenz, der han etterkvart fann seg godt til rette og fekk rikeleg med speletid.

Han la bort fotballskoa sommaren 2004.

Landslagsspel endre

Bragstad debuterte på det norske landslaget i 1999, og spelte i Noregs alle tre kampar under EM i fotball 2000 i Frankrike. Han kom aldri på skåringslista.

Merittar endre

  • Seriemeister: 1990, 1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999 og 2000 (10) med Rosenborg
  • Noregsmeister: 1992, 1995 og 1999 (3) med Rosenborg

Kjelder endre

Spelarbiografi