Bjørn Wiinblad

Bjørn Wiinblad (fødd 20. september 1918 i København, død 8. juni 2006) var ein dansk målar, teiknar og keramikar. Han vart utdanna ved Kunstakademiet i København.

Bjørn Wiinblad
Bjørn Wiinblad by Erling Mandelmann.jpg
Bjørn Wiinblad
Fødd 20. september 1918
København
Død

8. juni 2006 (87 år)
København

Yrke kunstnar, designar, kunstmålar
Bjørn Wiinblad på Commons

Wiinblad hadde ein frodig dekorasjonsstil, som mellom anna er inspirert av persisk ornamentikk, som pregar kunsten hans. Frå 1956 samarbeidde han med Rosenthal. Ved sida av keramiske arbeid, fleire servise, platter o.l., laga han fleire plakatar, bokomslag og teaterdekorasjonar, og illustrerte barnebøker med eigne tekstar.

KjelderEndra