1918
år
1918 (romartal MCMXVIII) var eit år i 1910-åra. Dette året tok den første verdskrigen slutt, og mellomkrigstida byrja. Dette året fann det stad store omveltingar i Europa, der rike som Austerrike-Ungarn og Det russiske imperiet gjekk i oppløysing, medan ei rekkje nye land oppstod. Sovjetunionen blei danna i løpet av året.
1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
Hendingar
endreUtlandet
endre- Januar: Spanskesjuka blei først observert.
- 25. januar: Sovjetkongressen i Russland erklærte landet som sovjetrepublikk.
- 28. januar: Borgarkrig braut ut i Finland, han skulle vara til 5. mai.
- 14. februar: Sovjetunionen gjekk over til den gregorianske kalenderen. Landet hoppa frå 1. februar i den julianske kalenderen til 14. i den gregorianske.
- 16. februar: Litauen erklærte sjølvstende frå Det russiske imperiet og Tyskland.
- 23. februar: Estland erklærte sjølvstende frå Det russiske imperiet.
- 28. februar: Den siste carolinaparakitten, den einaste nordamerikanske papegøyearten, døydde i Cincinnati Zoo.
- August: Den døyelege andrebølgja av spanskesjuka braut ut i Afrika, Europa og Nord-Amerika.
- 28. oktober: Tsjekkoslovakia erklærte sjølvstende frå Austerrike-Ungarn.
- 29. oktober: Staten av slovenar, kroatar og serbarar erklærte sjølvstende frå Austerrike-Ungarn. Staten fekk ikkje internasjonal anerkjenning før det gjekk inn i Kongeriket av serbarar, kroatar og slovenarar.
- 30. oktober: Kongedømet Jemen fekk sjølvstende frå Osmanarriket.
- 9. november: Keisar Vilhelm II av Tyskland abdiserte og drog i eksil.
- 11. november: Fyrste verdskrigen tok slutt.
- Karl av Austerrike-Ungarn sa frå seg si absolutte regjeringsmakt i Austerrike og erklærte austerrikarane sin rett til å velja styreform, men abdiserte ikkje.
- Polen erklærte sjølvstende som Den andre polske republikken
- 12. november: Austerrike erklærte seg som republikk.
- 16. november: Ungarn erklærte sjølvstende frå Austerrike som republikk.
- 18. november: Latvia erklærte sjølvstende.
- 28. november: Den estiske sjølvstendekrigen byrja då russiske styrkar gjekk inn i Estland.
- 1. desember: Kongeriket av serbarar, kroatar og slovenarar, seinare kjend som Jugoslavia, blei danna.
Noreg
endreFødde
endre- Sjå òg Fødde i 1918.
- 11. januar: Gunnar Sønsteby, norsk motstandsmann
- 15. januar: Gamal Abd al-Nasser, egyptisk offiser og president
- 26. januar: Nicolae Ceauşescu, rumensk diktator
- 11. februar: Anne Stine Ingstad, norsk arkeolog
- 4. mai: Kakuei Tanaka, japansk statsminister
- 25. mai: Fredrik Kayser, norsk offiser i Kompani Linge under andre verdskrigen
- 21. juli: Vidar Sandbeck, norsk visesongar, visediktar og forfattar
- 18. august: Elsa Morante, italiensk forfattar
- 9. oktober: Lila Kedrova, russisk skodespelar
- 27. oktober: Teresa Wright, amerikansk skodespelar
- 25. desember: Anwar Sadat, egyptisk president
Døde
endre- Sjå òg Døde i 1918.
- 6. februar: Gustav Klimt, austerriksk kunstnar
- 10. februar: Abd ül-Hamid II, siste sultanen i Det osmanske riket
- 15. mars: Lili Boulanger, fransk komponist
- 25. mars: Claude Debussy, fransk komponist
- 28. april: Gavrilo Princip, bosnisk-serbisk attentatmann
- 29. april: Arnold von Siemens, tysk industrileiar
- 19. mai: Ferdinand Hodler, sveitsisk målar
- 25. mai: Carl Berner, norsk politikar
- 31. mai: Helene von Druskowitz, austerriksk filosof og skribent
- 10. juni: Arrigo Boito, italiensk toneskapar og forfattar
- 17. juli: Nikolaj II av Russland, tidlegare tsar (avretta)
- 15. august: Jakob Jakobsen, færøysk forfattar
- 7. september: Peter Ludvig Meidell Sylow, norsk matematikar
- 26. oktober: Ethel Dickenson, kanadisk sjukepleiar
- 31. oktober: Egon Schiele, austerriksk målar
- 4. november: Wilfred Owen, britisk diktar og soldat (fall)
- 15. november: Amund Helland, norsk geolog
- 26. desember: Adelsteen Normann, norsk kunstnar
Bakgrunnsstoff
endre
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>