Opna hovudmenyen

Bjørnevòk er markert på primstaven den 22. mai. Namnet kjem eigentleg frå bjarnvardsvaka eller Bjarnvards messe som vart feira 20. mai til minne om Bernhard av Siena, grunnleggjar av Bernhardinarordenen. Primstavmerket var ein bjørn eller ein bjørnefot - eller ein figur som kunne minne om ein bjørnefot, som eit takka hjul. Etter folketrua kom bjørnen ut or hiet denne dagen.

Dagen var og eit merke for såtid. I Beskrivelse over Sillejords Præstegield skreiv seljordpresten Hans Jakob Wille: «Da vogner Biørnen i Hiet, og gaaer ud for at strække paa sig. Innfalder Biørnevok om Mandagen, maae man saae til Onsdagen, men infalder Biørnevok om Løverdagen, da maae man ikke saae om Mandagen.»

KjelderEndra