Bjarmeland
Bjarmeland (latin Biarmia, Biarmonia) og bjarmar er i den gammalnordiske litteraturen eit vanleg namn på trakta og folket ved Kvitsjøen, omkring elva Dvina, kvar det fanst ein by litt ovanfor elvemunninga.
Bjarmane nemnast først i nordmannen Ottars forteljing til angelsaksaranes kong Alfred, om ei reise dit kring år 890. Sidan blei det ofte ført handels- og krigstog dit frå Noreg. Frå 1300-talet blei området meir og meir avhengig av Novgorod.
Nyare forsking har visa at bjarmar truleg er synonyme med dagens vepsarar, eit finsk-ugrisk urfolk som held til på Karelen i Russland[treng kjelde].