Alfred den store
(Omdirigert frå Alfred av England)
Alfred den store (ca. 849–26. november 899) var konge av Wessex frå 871 og til han døydde. Han var også den mektigaste kongen i England, og sjølv om han aldri herska over heile det som i dag er England blir han likevel gjerne rekna som konge av landet. Alfred blir rekna som ein av dei mest sentrale personane i samlinga av England og i forsvaringa av riket mot danane, og han har derfor fått tilnamnet «den store». Han var også den første kongen som hadde tittelen «konge av England» i levetida si. I motsetjing til andre tidlege engelske kongar veit ein mykje om livet hans, ettersom Asser, biskopen av Sherborne, skreiv ein biografi om han.
Alfred den store | |||
Statue av Alfred den store i Winchester. | |||
Konge av Wessex (England) | |||
Regjeringstid | 871–26. oktober 899 | ||
---|---|---|---|
Fødd | Ca. 849 | ||
Fødestad | Wantage i Oxfordshire | ||
Død | 26. oktober 899 | ||
Dødsstad | Winchester | ||
Gravstad | Winchester | ||
Føregangar | Ethelred I | ||
Etterfølgjar | Edvard den eldre | ||
Gemalinne | Ealhswith | ||
Gift med | Ealhswith av Mercia | ||
Dynasti | Huset Wessex | ||
Far | Ethelwulf | ||
Mor | Osburga | ||
Born | Edvard, Æthelflæd, tre eller fire barn til |
Bakgrunnsstoff
endre Denne historieartikkelen som har med England å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.