For skiløparen, sjå Bjørn Dæhlie.

Bjarne Dæhli (fødd 9. mai 1980) er ein norsk organisasjonperson. Han har bakgrunn frå fleire barne- og ungdomsorganisasjonar, blant anna Europeisk ungdom.[1] I perioden 2007-2011 var han leiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). I 2009 vart han nestleiar i hovudstyret til SN-sambandet. I 2017 vart han generalsekretær i Norsk musikkråd.[2]

Bjarne Dæhli

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. mai 1980 (43 år)
Verv Leiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar
Periode 2007-2011
Føregangar Christoffer Grønstad
Etterfylgjar Gunhild Grande Stærk

Dæhli er utdanna bachelor i PR- og kommunikasjonsleiing frå Handelshøyskolen BI og som fenrik frå Befalsskolen for Kystartilleriet.

Kjelder endre

  1. «Bjarne Dæhli utnevnt til æresmedlem». Europeisk ungdom (på norsk bokmål). 16. mars 2011. Henta 9. juni 2020. 
  2. «Ny generalsekretær i Norsk musikkråd • ballade.no». ballade.no (på norsk bokmål). 8. november 2016. Henta 9. juni 2020.