Bjarne Støtvig
Bjarne Støtvig (24. juni 1898–8. januar 1982) var ein norsk forretningsmann og politikar frå Vestfold. Han representerte partiet Høgre på Stortinget i 1950- og 60-åra.
Bjarne Støtvig | |||
Fødd | 24. juni 1898 Botne kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 8. januar 1982 (83 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, manufakturhandler | ||
Alle verv |
|
Støtvig var fødd i Botne som son til ein gardbrukar.[1] Frå 1915 til 1918 var han butikkekspeditør i Larvik.[1] Deretter gjekk han Treiders handelsgymnas i Oslo, der han tok eksamen i 1920 og så reiste tilbake til ekspeditørjobb i Larvik.[1] Åra 1923-27 arbeidde han som kalkulatør i Moss.[1] Etter vel to år som handelsagent med base i Oslo, slo han i 1930 seg ned i Larvik og dreiv eiga klesforretning i byen fram til 1965,[1] da sonen tok over.
I over 18 år, 1945-63, var Støtvig med i bystyret i Larvik, perioden 1954-57 sat han også i formannskapet.[1] Valbolken 1950-53 var han stortingsrepresentant frå dei seks kjøpstadene i Vestfold.[1] Då det ved stortingsvalet hausten 1953 var slutt på eigne bykrinsar, lukkast han ikkje å verte vald frå Vestfold fylke. Derimot vann han eit stortingssete for felleslista Høgre/Bondepartiet og Vestfold i 1957, eit sete han beheldt også etter stortingsvalet i 1961 – denne gongen på ei rein Høgre-liste. I alle tre stortingsperiodane; 1950-53, 1957-61 og 1961-65, var han formann i Administrasjonskomiteen.[1]