Buskerud fylke

tidlegare fylke i Noreg
«Buskerud» omdirigerer hit. For det tidlegare amtet, sjå Buskeruds amt.

Buskerud er eit geografisk område, valkrins til stortingsval og eit tidlegare fylke i Noreg. Det grensa til Vestfold og Telemark i sør, til Hordaland i vest, til Sogn og Fjordane i nordvest, til Oppland i nord, og til Oslo og Akershus i aust. Fylket blei administrert frå Drammen. I 2020 blei Buskerud ein del av nye Viken fylke.

Buskerud fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Adm.senter Drammen
Areal 14 911 km²
 - land 13 870 km²
 - vatn 1 041 km²
Målform nøytral
Statsforvaltar Helen Oddveig Bjørnøy
Fylkesordførar Morten Eriksrød (H)
Fylkesnummer 06
Kart
Buskerud fylke
60°30′ N 9°30′ E
Wikimedia Commons: Buskerud
Nettstad: www.bfk.no

Namnet «Buskerud» kom frå garden Biskopsrud i Modum.

Fylkesvåpenet til Buskerud viser ein ståande blå bjørn på ein sølvfarga bakgrunn. Området hadde tidlegare fleire bjørnestammar. Sidan slutten av 70-åra har ingen bjørn budd fast i Buskerud, men det hender ein omstreifar kjem innom.

Bjørnen er blå for å minna om Blaafarveværket i Modum, og bakgrunnen sølv kjem frå dei gamle sølvgruveneKongsberg. Fylkesblomen til Buskerud er stor nøkkerose og fylkessteinen er drammensgranitt.

GeografiEndra

Fylket strekkjer seg frå Hemsedalsfjella og Hardangervidda i nordvest til Hurumlandet ved Oslofjorden i søraust. Store parallelle dalføre med elver går gjennom fylket, frå sørvest Numedal med Numedalslågen, Sigdal med Simoa, Hallingdal med Hallingdalselve og Snarumselva, og Ådal med Begna og Ådalselva.

Det er svært variert natur i fylket, veldyrka lågland, høgfjell og store skogar. 7 % av fylket ligg under 150 moh., 41 % ligg 900 moh. eller høgare. I søraust ved Drammens- og Oslofjorden er det kyststrøk med skog- og landbruksområde. Landskapet hevar seg så gradvis mot vasskiljet i vest og nordvest. Dei fire markerte dalføra fører nordvestover opp mot høgfjellet. Nokre fjellområde er meir enn 1000 moh.

Delar av Hardangervidda nasjonalpark (oppretta 1981) ligg i Buskerud fylke, i Hol og Nore og Uvdal kommunar.

KlimaEndra

Klimaet er for det meste innlandsprega, sidan fylket har kort kystlinje og er godt skjerma frå fjella i sørvest og i nord. Oslofjorden påverkar berre dei lågare strøka frå Lågendalen til Tyrifjorden. Om sommaren bles det typisk frå mellom sør og vest, medan det om vinteren som regel bles frå nordaust, men vindstyrken er generelt låg. På grunn av terrenget bles det som regel opp dalane om sommaren, medan dreneringsvinden strøymer nedover dalane om vinteren.

I januar er middeltemperatur frå −8 °C til −11 °C, lågast i dei øvre dalføra. I juli er middeltemperaturen kring 16 °C i låglandet til kring 10 °C i 1000 moh. Nær Oslofjorden vert det noko mildare både om vinteren og sommaren. Kulderekorden i området er frå −30 °C til −35 °C i indre strøk, lågast på Nesbyen med −38 °C. Varmerekorden for heile landet er òg sett i Nesbyen, den 20. juni 1970 vart det målt 35,6 °C her.

Årsnedbøren varierer frå kring 500 mm i dei skjerma områda som slettene på Ringerike og dei indre dalføra, til over 1000 mm i åsane nær Oslofjorden. Mest nedbør fell det om sommaren, medan det er minst seint på vinteren og på våren. Vinteren er lang med moderate snømengder, som gjer at fjellområda i fylket er godt eigna for vintersport.

KommunarEndra

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
0602   Drammen Drammen 000000000000137.0000000000137 nøytral Drammensregionen
0604   Kongsberg Kongsberg 000000000000792.0000000000792 nøytral Kongsberg
0605   Ringerike Hønefoss 000000000001555.00000000001 555 bokmål Ringeriksregionen
0612   Hole Vik 000000000000195.0000000000195 bokmål Ringeriksregionen
0615   Flå Flå 000000000000704.0000000000704 bokmål Hallingdal
0616   Nes Nesbyen 000000000000810.0000000000810 bokmål Hallingdal
0617   Gol Gol 000000000000533.0000000000533 nynorsk Hallingdal
0618   Hemsedal Trøym 000000000000753.0000000000753 nynorsk Hallingdal
0619   Ål Ål i Hallingdal 000000000001171.00000000001 171 nynorsk Hallingdal
0620   Hol Hol i Hallingdal 000000000001858.00000000001 858 nøytral Hallingdal
0621   Sigdal Prestfoss 000000000000842.0000000000842 bokmål Midt-Buskerud
0622   Krødsherad Noresund 000000000000375.0000000000375 nøytral Midt-Buskerud
0623   Modum Vikersund 000000000000515.0000000000515 bokmål Midt-Buskerud
0624   Øvre Eiker Hokksund 000000000000457.0000000000457 bokmål Drammensregionen
0625   Nedre Eiker Mjøndalen 000000000000122.0000000000122 bokmål Drammensregionen
0626   Lier Lierbyen 000000000000301.0000000000301 bokmål Drammensregionen
0627   Røyken Midtbygda 000000000000113.0000000000113 bokmål Drammensregionen
0628   Hurum Klokkarstua 000000000000163.0000000000163 bokmål Drammensregionen
0631   Flesberg Lampeland 000000000000562.0000000000562 bokmål Numedal
0632   Rollag Rollag 000000000000449.0000000000449 nøytral Numedal
0633   Nore og Uvdal Rødberg 000000000002502.00000000002 502 nøytral Numedal
Totalt   Buskerud Drammen ' 000000000014911.000000000014 911 nøytral Buskerud

SamfunnEndra

DemografiEndra

Det er store regionale ulikskapar i folkesetnaden. Meir enn halvparten av dei som bur i fylket bur i dalføret langs Drammenselva i søraust og utover mot Hurumhalvøya. I den sørlege halvdelen ligg dei tre største byane i fylket, Drammen, Kongsberg og Hønefoss.

SpråkEndra

Austlandsdialekt pregar språket i sørlege og austlege delar av fylket, og her vert bokmål brukt som skriftspråk. I nordfylket er det vanleg med fjelldialektar og nynorsk skriftspråk.

PolitikkEndra

Dei 43 representantane i fylkestinget vert samla minst fire gonger i året.

Partifordeling etter valet i 2015:

Parti: Representantar:
Arbeidarpartiet 15
Høgre 13
Framstegspartiet 5
Sosialistisk Venstreparti 1
Senterpartiet 4
Miljøpartiet dei grøne 2
Kristeleg Folkeparti 1
Venstre 2

Roger Ryberg (Ap) er fylkesordførar og Olav Skinnes (Sp) er fylkesvaraordførar.

NasjonaltEndra

Buskerud fylke har ni stortingsmandat. For denne perioden møter desse faste representantane for Buskerud på Stortinget:

Distriktsrepresentantar:

Utjamningsrepresentant:

MediaEndra

Drammens Tidende dekkjer Drammensområdet, Lågendalsposten Kongsberg og Numedal, Ringerikes Blad Ringerike, medan Hallingdølen dekkjer Hallingdal. NRK har ein redaksjon i fylket som lagar radio- og TV-sendingar. Det er òg ei rekkje mindre lokalradiokanalar rundt omkring i fylket.

SamferdsleEndra

VegarEndra

Europaveg 16 går søraust-nord gjennom Hole via Ringerike og Flå til Nes på ferda si frå Oslo til Londonderry i Nord-Irland, Storbritannia . Europaveg 18 passerer gjennom Lier og Drammen og fortset vidare sørover i Vestfold. E134 startar i Drammen og går vestover i sørfylket til Haugesund via Kongsberg.

JarnbaneEndra

Drammensbanen kjem inn i fylket gjennom Lieråsen tunnel. I Drammen vert banen delt i Vestfoldbanen som går sørover og Bergens- og Sørlandsbanen. Dei to siste har same trasé nord-vestover til Hokksund, der Sørlandsbanen tek av mot sør-vest til Kongsberg medan Bergensbanen dreg nordover gjennom fylket til Hønefoss og Hallingdal.

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.