Bjerke Idrettslag

Bjerke Idrettslag er eit norsk idrettslag heimehøyrande på Maura i Nannestad kommune i Akershus. Laget vart stifta 15. mars 1936 og er mest kjent for sine langrennsløparar. Elles er Bjerke IL aktivt med i fotball, laga spelar i raude drakter, samt skiskyting. Tidlegare hadde idrettslaget også ei friidrettsgruppe.

Bjerke Idrettslag
Skipa15. mars 1936
LandNoreg

Langrennarane Lars Erik Eriksen, Anette Bøe, Bjørn Dæhlie er dei fremste utøvarane til Bjerke Idrettslag.

Kjelder

endre
  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.