Blåleire
Blåleire er ei vanleg nemning på uforvitra leire, særleg marin leire avsett under og etter istida. Han er blågrå, men ved forvitring blir han gulbrun fordi jernsambindingane blir oksidert. Teglstein av blåleire har raudgul farge. Seig, fin blåleire blir kalla blålums.
I område med store blåleireressursar har denne vore grunnlag for teglindustri, som hovudsakleg har produsert murstein og takstein av tegl.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Blåleire. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014 frå http://snl.no/bl%C3%A5leire.