Blåmann
«Blåmann» eller «Leitande etter Blåmann» er ein kjend song skriven av Aasmund Olavsson Vinje. Han blei prenta første gongen i Dølen i 1860, som avslutning til artikkelen «Gjeiti». Diktet blei seinare tonesett av Anne Haavie, og er blitt ein utbreidd norsk barnesong.
«Blåmann» er inspirert av Vinje sine opplevingar som gjetargut. Blåmann og Lykle var verkelege geiter som Vinje hadde eit nært tilhøve til, slik det er skildra i diktet.
Bukken i diktet har inspirert kommunevåpenet til Vinje, heimstaden til diktaren, og gjeve namn til folkemusikkgruppa Blåmann Blåmann og barnebokklubben Blåmann.
Tekst
endreFørste utgåve | Forlenga utgåve | Forlenga utgåve med modernisert språk |
---|---|---|
|
|
|
Bakgrunnsstoff
endre- Forlenga original utgåve på aasentunet.no
- Les og høyr Blåmann på vestnorden.no Arkivert 2005-11-05 ved Wayback Machine.