Black & White Records

Black & White Records var eit amerikansk plateselskap og platemerke som blei grunnlagt av Les Schreiber i 1943. Det spesialiserte seg på jazz og blues. Då etiketten blei selt til Paul og Lillian Reiner, flytta han frå New York til Los Angeles. Katalogen inneheld musikk av Art Hodes, Cliff Jackson, Lil Armstrong, Barney Bigard, Wilbert Baranco, Erroll Garner, Jack McVea og Willie «The Lion» Smith.[1]

Black & White Records
Grunnlagd1945
StatusAktiv
SjangerJazz, blues
LandUSA

Ralph Bass var innspelingsdirektør gjennom mange år. Namnet blei valt for å indikera at selskapet signerte både svarte og kvite musikarar.[1]

Bass deltok på to av dei viktigaste plateinnspelingane i den tidlege utviklinga av rock and roll: «Stormy Monday» av T-Bone Walker (1946) og ein sjeldan crossoverhit, «Open the Door, Richard» av Jack McVea (1947). I 1948 forlet Bass Black & White for å starta Bop Records.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Rye, Howard (2002). Barry Kernfeld, red. The New Grove Dictionary of Jazz, vol. 1 (2nd utg.). New York: Grove's Dictionaries Inc. s. 225. ISBN 1561592846.