Blackboard er eit nettbasert elæringssystem, utvikla av Blackboard Inc.

Det vert nytta av høgskular og universitet for å publisera undervisningsmateriale. Faglærarar og studentar må vera registrerte som brukarar på Blackboardinstallasjonen til institusjonen sin for å logga seg inn på Blackboard. Studiematerialet er organisert i fag og studentane må registrera på kvart enkelt fag dei ynskjer tilgang til. Faglærarar er registrerte som «instruktørar» og har høve til å lasta opp læremateriale til dei faga dei har ansvaret for.

Bakgrunnsstoff

endre