Blackdown Hills
Blackdown Hills er ei åsrekkje langs grensa mellom Somerset og Devon sørvest i England, som har status som Area of Outstanding Natural Beauty (AONB).[1]
Blackdown Hills | |||
Area of Outstanding Natural Beauty | |||
Blackdown Hills AONB nær Dalwood i Devon
| |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Devon Somerset | ||
Stad | Sørvest-England | ||
- koordinatar | 50°56′49″N 3°13′47″W / 50.94694°N 3.22972°W | ||
Høgaste punkt | |||
- stad | Staple Hill | ||
• høgd | 315 moh. | ||
- koordinatar | 50°56′34″N 3°05′25″W / 50.94278°N 3.09028°W | ||
Areal | 370 km² | ||
Geologi | Øvre grønsandstein | ||
Blackdown Hills 50°56′49″N 3°13′47″W / 50.9469°N 3.22972°W | |||
Wikimedia Commons: Blackdown Hills |
Det er spor etter menneskeleg busetnad i åsane sidan jernalderen, og fleire av åsane ar restar etter åsfort. Her finst òg Dunkeswell Abbey og fleire landsbykyrkjer. Åsane er kryssa av eit nettverk av mindre vegar og dei større vegane går rundt åsane.
Den høgaste av åsane er Staple Hill i Somerset med ei høgd på 370 meter over havet. River Culm spring ut frå åsane nær Culmhead og renn vestover gjennom Hemyock til ho munnar ut i River Exe nordvest for Exeter. Andre elvar som spring ut i åsane er River Otter, River Yarty og Corry Brook.
Landsbyar kring åsane er Staple Fitzpaine, Buckland St Mary, Whitestaunton, Wambrook, Churchstanton, Dunkeswell, Upottery, Smeatharpe, Hemyock, Blackborough, Yarcombe, Membury, Stockland, Sheldon og Cotleigh.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Blackdown Hills» frå Wikipedia på engelsk, den 3. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «What is an AONB». Blackdown Hills AONB. Arkivert frå originalen 1. juni 2008. Henta 3. april 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Blackdown Hills AONB Arkivert 2012-02-06 ved Wayback Machine. – offisiell nettstad