Blacksod Bay (irsk Cuan an Fhóid Duibh) er ei bukt av Atlanterhavet som ligg i Erris nord i County Mayo i Republikken Irland. Ho er 16 km lang og 8 km brei, med Mullet-halvøya i vest og Kiltane Parish i aust. Kiltane går sørover frå Belmullet mot Gweesalia og Doohoma.

Blacksod Bay
Land  Irland
Del av Atlanterhavet
Kart
Blacksod Bay
54°05′00″N 10°01′00″W / 54.08333°N 10.01667°W / 54.08333; -10.01667
Wikimedia Commons: Blacksod Bay

Geografi endre

Blacksod Bay omfattar mange små holmar. Granitten ein finn i dette området er gammal gneis og glimmerskifer. Mullethalvøya er dekt av nokså flate sanddyner. Munningen av Blacksod Bay er vid, og bukta er ein trygg ankerplass.

I nordenden er Blacksod Bay forbunden med Broadhaven Bay av ein kanal frå 1700-taket gjennom Belmullet.

Fyr endre

Blacksod fyr, som stod ferdig i 1862, ligg 18 km frå land i Atlanterhavet. Det blei bygd av lokal granitt henta frå steinbrotet ved Termon Hill. Fyret blei brukt av dei allierte for vêrmeldinga for D-dagen i 1944, og landgangen blei utsett ein dag på grunn av ei dårleg vêrmelding. Eagle Island fyr ligg utantof nordvesttippen av Mullet.

Galleri endre

Kjelder endre