For det svenske bladet, sjå Puck i Sverige.

Puck var eit amerikansk humorblad som kom ut frå 1871 til 1918.[1]

Puck-framsida 6. april 1901.

Historie endre

Vekebladet blei skipa av den austerriksk-fødde Joseph Keppler i St. Louis i Missouri. Det kom ut i engelsk- og tyskspråklege utgåver frå mars 1871. Etter fem år blei den tyske versjonen av Puck flytta til New York, der den første utgåva kom ut 27. september 1876. Den engelske versjonen følgde etter med si første utgåve derfrå den 14. mars 1877.

Den engelskspråklege versjonen av bladet fortsette å koma ut i over 40 år under ulike eigarar og redaktørar. I 1916 blei det kjøpt av selskapet til William Randolph Hearst, som hadde vore knytt til bladet i fleire år. Bladet fortsette å koma ut i to år. Den siste utgåva kom ut 5. september 1918.

Eit typisk blad på 32 sider hadde ein politisk vitseteikning i fargar på framsida og ein ikkje-politisk teikning i fargar på baksida. I tillegg hadde det ei midtside i fargar, som oftast med politisk emne. Elles hadde det fleire humoristiske tekstar med illustrasjonar i svart-kvitt, ei side med leiarar som kommenterte saker i tida, og dei siste sidene var vigde reklame.

Namnet Puck kom frå alven Puck i skodespelet A Midsummer Night's Dream av Shakespeare. Som maskot for bladet blei Puck teikna som ein nesten naken gutunge eller putto på framsida av bladet, med sitatet «What fools these mortals be!» frå skodespelet. Denne figuren er også avbilda over inngangen til Puck Building i Nolita i New York, der bladet blei laga.

Kjende bidragsytarar endre

Gjennom åra tilsette Puck mange tidlege vitseteiknarar, som Louis Dalrymple, Bernhard Gillam, Livingston Hopkins, Frederick Burr Opper, Louis Glackens, Albert Levering, Frank Nankivell, J.S. Pughe, Rose O'Neill, Charles Taylor, James Albert Wales og Eugene Zimmerman.

Kjelder endre

  1. Jeremy Glass (24. november 2014). «5 Defunct Magazines that Changed America». Thrillist. Henta 1. mai 2016.