avisa Sunnhordland
Sunnhordland er ei avis som kjem ut fem dagar i veka på Leirvik på Stord. Avisa vert gjeven ut av Bladet Sunnhordland A/S. Sunnhordland tek mål av seg å dekkja kommunane Stord, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad og Bømlo. Kommunane ligg i regionen Sunnhordland, sør i Vestland fylke. På folkemunne kallast avisa Vikalappen, etter Vikjo (Leirvik).
Avisa hadde i 2009 27.000 lesarar per utgåve, viser tal frå Forbruker & Media.
Jens Hystad d.e. starta avisa i 1902. Fram til 1973 var Sunnhordland nærast einerådande i regionen. Avisa har seinare vorte familieaksjeselskap og vert i dag driven av tredje generasjon med Jens Hystad (1946– ) som dagleg leiar og Håvard Hystad som ansvarleg redaktør. Redaksjonen tel 12 medarbeidarar, som utgjer 10 årsverk. Totalt er det 35 tilsette i verksemda. Avisa har eige lokalkontor på Fitjar.
Avisa lanserte si eiga nettutgåve 29. april 2006, som den nest siste dagsavisa i Noreg. Nettsida hadde i 2009 over 16.000 unike brukarar i veka. Samstundes lanserte dei ei pdf-løysing, der ein kan abonnera på nedlasting av avisa i staden for å få henne på papir.
Opplagstal
endreUtvikling i nettoopplag.[1]
År | Nettoopplag |
---|---|
2000 | 8 506 |
2001 | 8 400 |
2002 | 8 242 |
2003 | 8 179 |
2004 | 8 183 |
2005 | 8 185 |
2006 | 7 985 |
2007 | 7 832 |
2008 | 7 832 |
2009 | 7 498 |
2010 | 7 137 |
2014 | 6 571 |
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.