Bladstilling
Bladstilling eller fyllotaksis er eit botanisk uttrykk som tek for seg korleis blada på ein plante sit på stengelen i høve til kvarandre. For plantene er det viktig at blada lagar minst mogleg skugge for kvarandre, så dei er gjerne spreidde ut på ulike vis. Det er fire grunnleggjande bladstillingar:
- Skruestilt, også kalla spreidd eller alternerande. Her sit blada eitt og eitt i ein skrue oppover stengelen. På ein viss sted på stengelen sit det berre eitt blad. Rotasjonsvinkelen mellom to blad som står etter kvarandre varierer, men i høve til ein heil rotasjon kan han som regel uttrykkast som ein brøk der teljaren er eit fibonaccital og nemnaren er det påfølgjande fibonaccitalet, som 1/3, 2/5, 3/8, 5/13 og vidare.
- Motsett - her sit blada parvis, eitt på kvar side av stengelen og festa i same leddknute. Ofte sit bladpara krossvis, altså 90° rotert i høve til føre og neste par.
- Kransstilt - liknar på motsett bladstilling, men det sit meir enn to blad på kvar leddknute. Vanleg bladtal i kvar krans er 3, 4, 6, 8, men det finst også andre tal.
- Rosettstilt - her sit alle blada ved bakken. Planten har ofte berre ein stengel som også kan ha blad, men disse blada er ofte annleis og mindre enn rosettblada.
BiletdømeEndra
Solsikke har spreidde blad med 3/8 rotasjon
Skogsøte har krossvis motsette blad
Hesterumpe har kransstilte blad
Dunkjempe har rosettstilte blad
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Bladstilling» frå Wikipedia på bokmål, den 1. desember 2017.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- C. Grey-Wilson og M. Blamey; norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding (1992). «Bladene». Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Teknologisk Forlag. s. 18. ISBN 82-512-0355-4.
- «Spiraler og matematikk i planteriket». Uio: Institutt for biovitenskap. Henta 7. desember 2014.