Solsikke

planteart i korgplantefamilien
Solsikke
Solsikke
Solsikke
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Asteroideae
Overstamme: Helianthodae
Stamme: Heliantheae
Slekt: Solsikkeslekta Helianthus
Art: Solsikke H. annuus
Vitskapleg namn
Helianthus annuus

Solsikke eller solvendel (Helianthus annuus) er ein eittårig plante i solsikkeslekta som kan bli over fire meter høg. Stengelen er kraftig og ruhåra, og har opprett vekst. Blomane er store, og kan bestå av inntil 40 cm breie blomekorger med gule, brune eller raudaktige kronblad. Solsikke er relativt lettdyrka, men krev at visse vekstvilkår er oppfylt for å kunna veksa maksimalt. Planten trivst best med full sol og varm temperatur (helst over 20°C). Planten krev også mykje vatn og næring.

Solsikke blei domestisert i Nord-Amerika, der den ville varianten av arten framleis veks vilt. Vill solsikke har greiner og fleire blomar på kvar plante. Dyrka solsikke har derimot som regel berre ein stilk og ein blome øvst. Amerikanske urfolk brukte solsikke til ei rekkje føremål, som å laga brød og til salvar, farging og kroppsmåling.[1] På 1500-talet blei solsikkefrø frakta frå Amerika til Europa, der dei saman med solsikkeolje blei ein viktig ingrediens.

Namnet «solsikke» er avleidd frå latin solsequia, ‘som snur seg etter sola’.[2] «Solvendel» har òg denne tydinga.[3]

Skildring endre

 
Nærbilde av blomekorga
 
Solsikkefrø på planten

Domestisert solsikke har ein opprett, ruhåra stilk og blir typisk rundt 3 meter høg. Den høgaste solsikkeplanten ein har målt nådde 9,17 meter.[4] Blada er breie, grovtakka, rue og sit vanlegvis kransstilt. Blomen har gjerne ein diameter på rundt 30 cm,[5] men rekorden er 75 cm.[6] Den store blomen er eigentleg ein blomestand danna av mange småblomar med fem kronblad kvar. Ytst på blomestanden sit blomar som er omforma til å likna kronblad. Desse er sterile og kan ha ulike fargar, som gul, raud, oransje og liknande. Blomane som sit inne i korga dannar frukter kalla solsikkefrø. Desse er opptil 1,65 cm lange og kan vera kvite, brune, svarte eller stripa.[7]

Vill solsikke blir typisk 2 meter høg, og kvar plante har fleire greiner med blomar. Ein plante kan ha 5-50 blomar, og bløminga varer i fleire veker. Blomestandane har ein diameter på 5-13 cm.[8]

Dei små solsikkeblomane i blomestanden sit i ei spiralform der kvar blome typisk er arrangert i høve til den neste etter omlag den gylne vinkelen, 137,5°. Dette gjev eit mønster av samansette spiralar der talet på venstrevendte spiralar og talet på høgrevendte spiralar er fibonaccital som følgjer kvarandre i fibonaccirekkja. Vanlegvis har blomestanden 34 spiralar i ein retning og 55 i den andre, men ein svært stor blomestand kan ha 89 i ein retning og 144 i den andre.[9][10][11] Dette mønsteret gjer at frøa sit så effektivt pakka som er matematisk mogleg på blomestanden.[12][13][14] Ein blomestand kan danna fleire hundre frø, og i nokre høve opptil 2000.[6]

Solsikkeknoppar følgjer sola på himmelen.[15] Om morgonen er dei vende mot aust, og vender seg vestover i løpet av dagen. Mogne blomar følgjer derimot ikkje sola, men er som regel fast vende mot aust.[16][17] Når blomen er mogen og blomestilken stoppar å veksa stoppar også solvendinga eller heliotropismen. Sidan blomen typisk er vend mot aust blir han varma opp tidleg om morgonen, noko som aukar vitjingar frå pollinatorar.[18] Blada til solsikke har fototropisme, det vil seia at dei følgjer sollyset i løpet av dagen. Dette gjer at dei kan ta inn mest mogleg lysenergi.[19]

Genom endre

Genomet til solsikka, Helianthus annuus, er diploid med eit kromosomtal på 17. Det har ein storleik på 3,6 gigabasepar,[20] noko som gjer det rundt 20 prosent større enn menneskegenomet og over 40 prosent større enn genomet til mais.[21] Det inneheld mykje repetisjon.[20]

Dyrking endre

Solsikkefrøproduksjon i verda i 2020
Land (Millionar tonn)
  Russland 13,3
  Ukraina 13,1
  Argentina 3,2
  Kina 2,4
  Romania 2,2
  Tyrkia 2,1
  USA 1,4
Verda 50,2
Kjelde: FAOSTAT ved SN[22]

Solsikke blir dyrka over heile verda, typisk i solrike, tempererte og halvtørre klima. Planten er tolerant mot både høge og låge temperaturar, men mest mot låge. Frø kan byrja spira i temperaturar så låge som 4°C, men 9-13°C gjev betre resultat. Unge frøbladplantar kan tolerera frost, men eldre plantar er mindre hardføre. Mogne plantar kan døy ved temperaturar lågare enn rundt -2°C.[19] I temperert klima tek det rundt 11 dagar frå ein sår solsikke til planten blir synleg og deretter 33 dagar til han utviklar eit plantehovud. Frå såing til mogen blome går det rundt 109 dagar.[19]

Solsikke veks best i full sol. Planten trivst også næringsrik, fuktig og veldrenert jord med tjukt dekke. I kommersielle samanhengar plantar ein gjerne frø 45 cm unna kvarandre og 2,5 cm djupt.

I 2020 stod Russland og Ukraina for 53 % av solsikkefrøproduksjonen i verda.[22]

Tradisjonelt pleidde amerikanske urfolk å planta solsikker på nordsida av hagane sine, som ei «fjerde syster» i den kjende tre systrer-metoden der ein dyrka mais, bønner og graskar saman.[23]

I moderne jordbruk i Brasil kan ein dyrka solsikke vekselvis med soyabønner, fyrst ei avling solsikker og så ei med soya. Dette reduserer tida då jorda ligg brakk og aukar den totale produksjonen og vinsten på solsikkeproduksjon. Ein dyrkar vanlegvis solsikker heilt i sør og heilt i nord i landet. I sør plantar ein vanlegvis solsikkene i byrjinga av regntida, og plantar så soyabønnene om sommaren.[24] Metoden har vist seg å ha miljøvennlege effektar.[25]

Ein kan så solsikker som ei tilleggsavling etter tidleghausta grønsaker eller korn, som ei naudavling eller som ei kortsesongavling. Solsikker kan òg dyrkast til surfôr.[19]

Solsikker kan brukast til fytoremediering der plantane trekk ut giftige ingrediensar frå jorda, som bly, arsenikk og uran. Dei kan også brukast i rhizofiltrering til å nøytralisera radionuklidar og andre giftige stoff og skadelege bakteriar frå vatn. Plantane blei brukte til å fjerna cesium-137 og strontium-90 frå eit vatn etter Tsjernobylulukka,[26] og på liknande vis etter Fukushima Daiichi-ulukka.[27][28]

Vill solsikke kan vera eit ugras i USA, der planten til dømes kan konkurrera mot unge soyabønneplantar.[29]

Bruk endre

 
Pigen med solsikkerne (1889) av Michael Peter Ancher.

Solsikkeblomar endre

Solsikker er populære som hagevekstar. I tillegg til å vera dekorative, er dei lette å dyrka og hardføre mot sjukdommar og skadedyrangrep. Solsikker er også etterspurte som snittblomar, og blir selde i mange blomehandlar.

Det er utvikla fleire sortar med ulike eigenskapar med omsyn til mellom anna høgd og farge. Til bruk som snittblome har ein også avla fram blomar med lite pollen for å unngå dryssing.[30]

Solsikkefrø endre

Fruktene av solsikke, solsikkefrø, blir ofte brukt som menneskemat og som fuglemat. Fruktene er botanisk sett nøtter (eller smånøtter) fordi dei har eit hardt skal som blir spreidd saman med det eigentlege frøet. Når frukta blir brukt i mat er det frøet (uten skal) ein bruker, men som fuglemat er det gjerne heile frukta.

Det er særleg større solsikkefrø ein bruker til menneskeføde.[7] Solsikkefrø kan etast rå eller bakte og salta.[6] Dei kan brukast i bakverk og salatar, og som snacks. Halva av solsikkefrø er utbreidd i Aust-Europa og den tidlegare Sovjetunionen. Frøa kan også malast til ein pasta, solsikkesmør, tilsvarande peanøttsmør. Urfolka i USA som fyrst domestiserte planten pleidde mala dei tørka eller røsta frøa til eit mjøl som dei kunne baka med eller ha i supper.[6]

Solsikkeolje endre

 
Produksjon av solsikkeolje i Mynamar.

Frå frøa kan ein òg pressa solsikkeolje, ei bleikgul, tyntflytande, mild og feit olje som tørkar inn om ho er i kontakt med luft. Olja har behageleg smak og er løyseleg i eter og alkohol. Kjemisk sett inneheld ho olein, palmitin, stearin og linolein. Oljen blir brukt som matolje (kaldpressa) og til lakk og såpe (varmpressa).

Solsikkeolje kan også brukast til margarin, som grunnolje i massasje- og aromaterapiolje, til såpe og til biodiesel.[31]

Restane av frøa etter at dei er pressa for olje kan brukast til dyrefôr.[32] Frøskalet som ein tek av før ein vinn ut olje kan også brukast som fôr.[33]

Rot endre

Blant zunifolk tygg ein tradisjonelt fersk eller tørka solsikkerot før ein syg ut gifta frå slangebitt og legg salve på såret.[34] Salven inneheld også solsikkerot, og kan brukast i seremoniar mot til dømes klapperslangebitt.[35]

Historie endre

 
Van Dyck med solsikke, ca. 1633

Genetiske studiar tyder på at vill solsikke blei domestisert ved eitt enkelttilfelle, for ca. 5000 år sidan. Frå denne linja blei det dyrka fram ulike domestiserte solsikketypar.[36] Solsikke var ein av fleire artar som blei dyrka i førhistoriske Nord-Amerika i det såkalla Eastern Agricultural Complex. Det finst prov på domestisering frå dagens Mexico[37] frå rundt 2600 f.Kr., med funn frå San Andres-funnstaden i Tabasco. Det eldste funnet av fullstendig domestisert solsikke frå USA er frå Tennessee og datert til rundt 2300 f.Kr.[38] Det er òg funne tidlege eksemplar frå bergbuplassar i Aust-Kentucky.[39] Spanske utforskarar blei kjende med planten i 1510 og tok med seg frø tilbake til Europa.[40] Her blei solsikke fyrst hovudsakleg brukt som prydplante.[6]

På 1700-talet blei solsikkeolje svært populært i Russland, særleg i samband med den ortodokse kyrkja, ettersom ho var eitt av få typar matfeitt ein kunne bruka under fastetida ifølgje nokre tradisjonar.[41] Kyrkja hadde lagt ned forbod mot å bruka olje frå fleire plantar, men sidan solsikke var ein nyinnført plante, stod han ikkje på forbodslista.[6]

Ein byrja alsarbeid for å få fram plantar med høgare oljeinnhald på 1860-talet, og innhaldet blei auka frå 28 % til oppimot 50 %. Etter andre verdskrigen blei dei oljerike varietetane frå Russland førte tilbake til USA.[19] Planten blei også viktig i Argentina på 1930-talet, då den spanske borgarkrigen gjorde at ein ikkje fekk tak i olivenolje frå Spania. Landet blei etterkvart den nest største solsikkeoljeprodusenten i verda.[6]

Frå 1970-talet blei solsikkeolje populær då ein ønskte å nytta meir fleirumetta feitt og mindre kolesterol i matlaging.[6]

Solsikke i kulturen endre

 
Solsikker i soknekyrkja i Steyr med innskrifter om seks barn i frå familien Vorrig som døydde av koppar i 1703.
 
Solsikker (1888) av Vincent van Gogh

Symbolikk endre

Solsikke er brukt som symbol i fleire samanhenger. Solsikka var eit mykje brukt heilag symbol blant amerikanske urfolk som symbol for ein solgud. Aztekarar og otomifolk i noverande Mexico og inkaer frå Sør-Amerika brukte alle dette symbolet.

Solsikke er nasjonalblome for Ukraina, og eit mykje brukt symbol i landet. I 1996 planta militærleiarar frå Ukraina, Russland og USA solsikker ved missilbasen i Pervomajsk i Mykolajiv oblast for å markera enden på kjernevåpen i Ukraina.[42] I 2015 blei det samla solsikkefrø frå åkeren der passasjerflyet Malaysia Airlines Flight 17 hadde kræsja eit år tidlegare. Nokre av dei blei planta til minne om dei 15 nederlendarane frå Hilversum som blei drepne.[43] To australske mediefolk hadde òg samla inn 1,5 kg frø for å minnast dei australske offera og familiane deira og gje dei håp.[44] Etter at Russland invaderte Ukraina i 2022 blei solsikka eit symbol på lokal motstand og eit internasjonalt symbol for solidaritet med Ukraina.[45]

Solsikke er delstatsblome for Kansas i USA, som blir kalla «The Sunflower State», og har blomen på delstatsflagget sitt.[46] Det høgaste punktet i delstaten heiter Mount Sunflower.[47]

Solsikke er òg ein byblome for Kitakyūshū i Fukuoka i Japan. Namnet på det lokale fotballaget, Giravanz Kitakyushu, er avleidd frå det italienske namnet på solsikke.[48]

Frå 1860-åra blei solsikka eit mykje brukt symbol på kvinnesak og stemmerettskampen. I denne samanhengen stamma symbolet opphavleg frå delstatssymbolet til Kansas og kampanjen for stemmerett for kvinner der starta av Elizabeth Cady Stanton og Susan B. Anthony i 1867.[49] Her symboliserte solsikka også opplysing.[50] Blomen blei teken i bruk som symbol av kvinnerørsler i fleire land, mellom anna av Norsk Kvinnesaksforening, som framleis har ei stilisert solsikke i logoen sin.[51]

Solsikka blei også brukt som symbol av Spiritualistkyrkja, som legg vekt på at planten snur seg mot sola på same måte som spiritualismen skal venda seg mot lyset eller sanninga. Moderne spiritualistar kan ha kunstverk eller smykke som avbilder solsikker.[52]

Solsikke er mykje brukt som symbol på grøn ideologi og «grøne» politiske parti. I mars 1983 bar til dømes dei 27 nyvalde parlamentsmedlemmane for Die Grünen i Vest-Tyskland solsikker inn i parlamentet.[53]

Kunst endre

Vincent van Gogh måla to seriar av solsikkestilleben, den fyrste i Paris i 1887, med solsikker liggjande på ein flate, og den andre i Arles i 1888, med solsikker i ein vase.

Ai Weiwei laga ein installasjon av hundre millionar handmala solsikkefrø av porselen, Kui Hua Zi (Sunflower Seeds), som fyrst blei stilt ut ved Tate Modern i London frå 12. oktober 2010 til 2. mai 2011.

Film endre

Den italienske filmen I girasoli ('Solsikkene') frå 1970 var den fyrste vestlege filmen som blei filma i Sovjetunionen. Han var regissert av Vittorio De Sica, og filma i nærleiken av Moskva og Poltava. Filmen handlar om eit italiensk par spelt av Sophia Loren og Marcello Mastroianni der ektemannen blir tvinga til å kjempa ved Austfronten under andre verdskrigen. Etter krigen dreg kona til Sovjetunionen for å finna han. Ho vitjar solsikkeåkrane der det skal vera ein blome for kvar falne italienske soldat.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Pelczar, Rita. (1993) The Prodigal Sunflower. American Horticulturist 72(8).
  2. «solsikke» i Nynorskordboka.
  3. «solvendel» i Det Norske Akademis ordbok
  4. «Tallest Sunflower». Guinness World Records. Henta 4. mai 2014. 
  5. «sunflower», World Encyclopedia (Philip's) 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 Davidson, Alan (2006.), Jaine, Tom, red., «sunflower», The Oxford Companion to Food (Oxford University Press) 
  7. 7,0 7,1 Vaughan, J.G.; P.A. Judd (2003), «Sunflower seed», The Oxford Book of Health Foods (Oxford University Press) 
  8. Foster, Joe, «Wild Sunflowers 101 – What, Why, and How To GROW!», Growit Buildit (på engelsk), henta 15. mars 2022 
  9. Adam, John A. (2003). John A. Adam, Mathematics in Nature. ISBN 978-0-691-11429-3. Henta 31. januar 2011 – via Google Books. 
  10. «R. Knott, Interactive demos». Mcs.surrey.ac.uk. 12. februar 2009. Arkivert frå originalen 16. september 2009. Henta 31. januar 2011. 
  11. «R. Knott, Fibonacci in plants». Mcs.surrey.ac.uk. 30. oktober 2010. Arkivert frå originalen 7. september 2009. Henta 31. januar 2011. 
  12. Motloch, John L (25. august 2000). Introduction to landscape design - Google Books. ISBN 978-0-471-35291-4. Henta 31. januar 2011. 
  13. Jean, Roger V (1994). Phyllotaxis. s. 185. ISBN 978-0-521-40482-2. Henta 31. januar 2011. «fibonacci packing efficiency.» 
  14. «Parastichy pair(13:21) of CYCAS REVOLUTA (male) florets_WebCite». Arkivert frå originalen 3. oktober 2009. 
  15. «Sunflower, Developmental stages (life cycle)». GeoChemBio website. Arkivert frå originalen 27. november 2012. Henta 8. august 2012. 
  16. "Many people are under the misconception that the flower heads of the cultivated sunflower (Helianthus annuus) track the sun... Immature sunflower flower heads do exhibit solar tracking and on sunny days the buds will track the sun across the sky from east to west... However, as the flower bud matures and blossoms, the stem stiffens and the flower head becomes fixed facing the eastward direction." Hangarter, Roger P. «Solar tracking: sunflower plants». Plants-In-Motion website. Indiana University. Henta 22 August 2012. 
  17. «Sunflowers in the blooming stage are not heliotropic anymore. The stem has frozen, typically in an eastward orientation.». Arkivert frå originalen 23. mai 2013. 
  18. Atamian, Hagop S.; Creux, Nicky M.; Brown, Evan A.; Garner, Austin G.; Blackman, Benjamin K.; Harmer, Stacey L. (5. august 2016). «Circadian regulation of sunflower heliotropism, floral orientation, and pollinator visits». Science (på engelsk) 353 (6299): 587–590. Bibcode:2016Sci...353..587A. ISSN 0036-8075. PMID 27493185. doi:10.1126/science.aaf9793. 
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 19,4 D.H. Putnam; E.S. Oplinger; D.R. Hicks; B.R. Durgan; D.M. Noetzel; R.A. Meronuck; J.D. Doll; E.E. Schulte, «Sunflower», hort.purdue.edu, henta 15. mars 2022 
  20. 20,0 20,1 Bahcall, Orli G. (2017-06). «Sunflowers sequenced». Nature (på engelsk) 546 (7656): 43–43. ISSN 1476-4687. doi:10.1038/546043a. 
  21. «Sunflower genome sequence to provide roadmap for more resilient crops», ScienceDaily (på engelsk), henta 23. mars 2022 
  22. 22,0 22,1 «Production of sunflower seeds in 2020, Crops/Regions/World list/Production Quantity (pick lists)». UN Food and Agriculture Organization, Corporate Statistical Database (FAOSTAT). 2022. Henta 13. mars 2022. 
  23. Kuepper and Dodson (2001) Companion Planting: Basic Concept and Resources Arkivert 2008-05-24 ved Wayback Machine.
  24. Castro, C.; Leite, Regina (2018). «Main aspects of sunflower production in Brazil» (PDF). Ocl 25: D104. doi:10.1051/ocl/2017056. 
  25. Mastuura, M. I. S. F.; Dias, F. R. T.; Picoli, J. F.; Lucas, K. R. G.; Castro, C.; Hirakuri, M. H. (2017). «Life-cycle assessment of the soybean-sunflower production system in the Brazilian Cerrado» (PDF). The International Journal of Life Cycle Assessment 22 (4): 492–501. doi:10.1007/s11367-016-1089-6. 
  26. Adler, Tina (July 20, 1996). «Botanical cleanup crews: using plants to tackle polluted water and soil». Science News. Arkivert frå originalen 15. juli 2011. Henta 3. september 2010. 
  27. AFP (24. juni 2011). «Sunflowers to clean radioactive soil in Japan». Yahoo News. Henta 25. juni 2011. [daud lenkje]
  28. Antoni Slodkowski; Yuriko Nakao (19 August 2011). «Sunflowers melt Fukushima's nuclear "snow"». Reuters. Arkivert frå originalen 20. januar 2012. Henta 22. januar 2012. 
  29. Irons, Stephen M.; Burnside, Orvin C. (1982). «Competitive and Allelopathic Effects of Sunflower (Helianthus annuus)». Weed Science 30 (4): 372–377. ISSN 0043-1745. 
  30. Steinar Dragland; Anne Ingberg Baardseth; Eli Dæhlin Bøhmer; Aksel Baardseth (2005), «Solsikke (Helianthus spp.) - Erfaringer med produksjon av snittblomster på friland» (PDF), Grønn kunnskap 9 
  31. Niering, William A.; Olmstead, Nancy C. (1985) [1979]. The Audubon Society Field Guide to North American Wildflowers, Eastern Region. Knopf. s. 384. ISBN 0-394-50432-1. 
  32. Heuzé V., Tran G., Hassoun P., Lessire M., Lebas F., 2016. Sunflower meal. Feedipedia, a programme by INRA, CIRAD, AFZ and FAO. https://www.feedipedia.org/node/732
  33. Heuzé V., Tran G., Hassoun P., Lessire M., Lebas F., 2018. Sunflower hulls and sunflower screenings. Feedipedia, a programme by INRA, CIRAD, AFZ and FAO. https://www.feedipedia.org/node/733
  34. Camazine, Scott and Robert A. Bye (1980) A Study Of The Medical Ethnobotany Of The Zuni Indians of New Mexico. Journal of Ethnopharmacology 2:365-388 (s. 375)
  35. Stevenson, Matilda Coxe (1915) Ethnobotany of the Zuni Indians. SI-BAE Annual Report #30 (s. 53-54)
  36. Park, Brian; Burke, John M. (March 2020). «Phylogeography and the Evolutionary History of Sunflower (Helianthus annuus L.): Wild Diversity and the Dynamics of Domestication». Genes (på engelsk) 11 (3): 266. PMC 7140811. PMID 32121324. doi:10.3390/genes11030266. 
  37. Lentz et al. (2008). PNAS.
  38. Rieseberg, Loren H., et al. (2004). Origin of Extant Domesticated Sunflowers in Eastern North America. Nature 430.6996. 201-205.
  39. Henderson & Pollack (2012). [1].
  40. Putt, E.D. (1997). «Early history of sunflower». I A.A. Schneiter. Sunflower Technology and Production. Agronomy Series 35. Madison, Wisconsin: American Society of Agronomy. s. 1–19. 
  41. SUNFLOWERS: The Secret History. (2007). Kirkus Reviews 75.23:1236. Academic Search Complete. 17. november 2012.
  42. «Defense Chiefs Plant Sunflowers as Symbol of Hope», AP NEWS (på engelsk), henta 15. mars 2022 
  43. «Dutch town hard hit by MH17 disaster remembers victims with sunflowers». The Guardian. 17. juli 2015. Henta 30 May 2021. 
  44. «Planting hope». The Sydney Morning Herald. 2015. Henta 30 May 2021. 
  45. Jennifer Hassan (2. mars 2022). «The sunflower, Ukraine’s national flower, is becoming a global symbol of solidarity». The Washington Post. Henta 15. mars 2022. 
  46. «Sunflower - Kansapedia - Kansas Historical Society», www.kshs.org, henta 15. mars 2022 
  47. «Mount Sunflower». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 21. desember 2008. 
  48. Giravanz Kitakyushu – National Stadium Tours (på engelsk), henta 15. mars 2022 
  49. «Suffrage Sunflower» (PDF), jfklibrary.org, henta 15. mars 2022 
  50. Cheris Kramarae & Paula A. Treichler (red.), Amazons, Bluestockings and Crones: A Feminist Dictionary, Pandora Press, 1992
  51. «Visuell profil», Norsk Kvinnesaksforening (på norsk bokmål), henta 15. mars 2022 
  52. Awtry-Smith, Marilyn J. The Symbol of Spiritualism: The Sunflower. Reprinted from the New Educational Course on Modern Spiritualism. Appendix IV in Talking to the Other Side: A History of Modern Spiritualism and Mediumship, ed. by Todd Jay Leonard. ISBN 0-595-36353-9.
  53. «Green Party of San Diego County | Green Party of California (GPCA)», www.cagreens.org, henta 15. mars 2022 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Solsikke