Kvitt fjordingføl og blakk vaksen hest.
Foto: Hans-Jörg Hellwig

Blakk (norrønt blakkr, same opphav som blank) er ein farge på hest som kan vera bleikgul eller bleikt brunleg.[1] Han er mellom anna vanleg på fjording. Det er ein viltfarge som også villesel og villhestar som przewalskihest kan ha.[2]

Hos fjording delar ein fargen blakk inn i raudblakk, ulsblakk, brunblakk og gulblakk, avhengig av fargenyanse og mengda av svarte hår i ål, man, hale og tverrstriper på bein.[1]

«Blakken» er eit vanleg norsk hestenamn, då gjerne brukt om ein fjordhest. Det finst mellom anna i folkevisa om «Beiarblakken», Bjørnson-forteljinga Blakken, Nordahl Rolfsens sin song «Fola, fola Blakken», og barneverset «Sko Blakken, sko Blakken med hammar og tang».[3]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «blakk». Store norske leksikon (på norsk). 20. september 2019. 
  2. «Horse Dun Zygosity», www.vgl.ucdavis.edu, henta 26. desember 2019 
  3. «Blakken». Store norske leksikon (på norsk). 28. september 2014.