Hest (òg øyk, gamp, eller diktarleg/høgtidleg: gangar) (Equus caballus) er eit hovdyr som vert bruka av menneske som trekkdyr, ridedyr og til mat.

Hest
Hesthann
Hesthann
Hesthoe
Hesthoe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Hovdyr Perissodactyla
Familie: Hestefamilien Equidae
Slekt: Equus
Art: E. ferus
Underart: Hest E. f. caballus
Vitskapleg namn
Equus ferus caballus
Travande hestar

Tidlegare hadde arbeidshesten ein viktig plass i landbruket, men traktorar har stort sett tatt over for nyttearbeidet, og hesten vert i dag mest brukt i tevlingar eller til fritidsaktivitetar. Hesteeigarar som tener pengar på hestar driv enten med konkurransesport som trav eller galopp, eller dei handlar med hestar.

Dei aller fleste hestar lever i fangenskap, men på enkelte stader finst det frie hestar. Villhestane på Island går saman med tamhestar som hestebønder slepper ut på beite over vinteren. Mustangane i Nord-Amerika er freda. Det finst tre heilnorske hesterasar; fjordingen, lyngshesten og dølahesten.

Ordsoge

endre

Ordet «hest» kjem av norrønt hestr. Andre ord for hest er «gamp» og «øyk». Hodyret vert kalla «hoppe» eller «merr», og hanndyret vert kalla «hest». Eit ugjelda hanndyr er ein «hingst» og eit gjelda hanndyr er ein «vallak». Små hestar blir kalla ponni. Ein hest som er under eit år gamle kallar ein føl eller fole.

Biologi

endre
 
Tysk skisse av hesten sin anatomi, 1689

Hesten er eit pattedyr som høyrer til dyregruppa upartåa hovdyr (Perissodactyla) saman med flodhestar og tapirar. Hesten går inn under hestefamilien (Equidae) saman med esel og sebra.

Ei hoppe går drektig i rundt 11 månader. Hestane er planteetarar, og i vill tilstand et hestar store delar av døgnet. Dei har liten magesekk, men lange tarmar som kan melte cellulose.

Håret hesten har frå hovudet og ned mot ryggen vert kalla man. Augene til hesten er plassert på sidene av hovudet, noko som gir han god oversikt så han kan oppdage farar som truar. I vill tilstand er hestane flokkdyr som kan vandre langt på leiting etter beite. Eit nyfødd føl har lange bein for å kunne fylgje flokken sjølv når det er heilt lite.

Gangartar

endre

Dei fleste hestar har gangartane skritt, trav og galopp. Nokre, som islandshesten, har i tillegg tølt og passgang. I skrittgang flyttar hesten på eit bein om gangen. Trav er ein gangart der beina flyttar seg diagonalt, det vil seie høgre framfot og venstre bakfot samstundes og omvendt. Galopp er den raskaste gangarten.

Hesterasar

endre

På grunn av evolusjon og målretta avl, finst det i dag ei mengd hesterasar med ulike eigenskapar. Den største er shirehesten og den minste er falabellaen.

Sjukdomar som er mest vanleg på hestar er kolikk, «forfangenheit»(laminitt) og krysslamming.

Sjå òg

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hest
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.