Blikkengfjorden
64°33′55.980″N 11°33′59.558″E / 64.56555000°N 11.56654389°E Blikkengfjorden er ein fjord i Namsos kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 5,5 km nordaustover frå Hellsøya til Leirvika.
Fjorden har innløp i sørvest mellom øyane Hellsøya og Kuøya. I nord går Jektvikstraumen nordover til fjordarmen Røyklibotnet og i aust går Vetterhusstraumen austover til Vetterhusbotnet. I søraust går Helmdalsbotnet sørover til grenda Sørenget.
Fv464 går langs austsida av fjorden og over Vetterhusstraumen via holmen Øltappen.