Vetterhusbotnet er ein fjordarm av Blikkengfjorden i Namsos kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 8,5 km nordaustover til garden Duna.

Fjorden har innløp ved Vetterhusstraumen og holmen Øltappen i vest. Over her går Fv464 og vidare langs nordsida av fjorden. Det ligg spreidde gardsbruk langs vegen i nord, medan det på sørsida ligg enkelte isolerte bruk, mellom anna Vetterhus, som fjorden er kalla opp etter. 64°34′55.412″N 11°41′19.558″E / 64.58205889°N 11.68876611°E / 64.58205889; 11.68876611