Blind Willie Johnson

amerikansk songar og musikar

Blind Willie Johnson (22. januar 189720. september 1945) var ein amerikansk bluessongar og gitarist frå Texas.[1] Han var kjend for ei sterk og energisk baytonrøyst og eit finurleg gitarakkompagnement som omfatta bruk av slide.[2]

Blind Willie Johnson

Fødd22. januar 1897
FødestadBrenham, Pendleton
Død18. september 1945 (48 år)
DødsstadBeaumont
Alias«Blind» Willie, «Blind» Texas Marlin, The Blind Pilgrim
OpphavUSA
Aktiv1927–1945
Sjangerblues, gospel
Instrumentgitar, slidegitar, vokal
PlateselskapColumbia Records
Verka sommusikar, songar, gitarist, predikant
PrisarGrammy Hall of Fame Award

Johnson skal ha blitt blinda som sjuåring, då stemora hans slengde lut i ansiktet under ein krangel med far hans.[3] Han blei gatemusikant, ein av få måter ein blind mann kunne forsørga seg sjølv. Johnson var sterkt religiøs. Musikken hans har sterke innslag av gospel og spirituals, og han blanda opptredenane sine preiker.

Mellom 1927 og 1930 spelte Johnson inn 30 songar for Columbia Records. Nokre av dei best kjende er «Jesus Make up My Dying», «God Don't Never Change», «Dark Was the Night, Cold Was the Ground», «Soul of a Man» og «It's Nobody's Fault but Mine». Fleire av desse songane er seinare blitt spelte inn av av artistar som Bob Dylan, Eric Clapton, Ry Cooder, Led Zeppelin, Peter, Paul and Mary og Tom Waits.

Musikkdøme

endre

Kjelder

endre
  1. Michael Corcoran. God don't never change - the songs of Blind Willie Johnson. CD-hefte. Alligator records, 2016
  2. «Blind Willie Johnson | American musician», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 16. januar 2019 
  3. Samuel B. Charters. The country blues. Da Capo Press. 1975
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.