Texas er ein delstat sørvest i USA, med grense til Mexico. Han er den nest største delstaten i landet, både i folkemengd og flatevidd. Austin er hovudstad medan Houston er den største byen i Texas.

Texas
delstat
Flagg
Våpen
Land  USA
Del av det kontinentale USA
Hovudstad Austin
Areal 696 241 km²
 - land 678 907 km²
 - vatn 17 333 km²
Folketal 28 304 596  (2017)
Folketettleik 42 / km²
Guvernør Greg Abbott
Før innlemming Republikken Texas
Innlemma i USA 29. desember 1845
Statsnummer 28.
Innbyggjarnamn texanar
Forkorting TX
Kart
Texas
31° N 100° W
Wikimedia Commons: Texas
Nettstad: texas.gov

Historie endre

Texas var ein meksikansk delstat fram til 1836, då han erklærte sjølvstende. Etter fleire kampar blei Republikken Texas til. Han blei annektert av USA i 1845 og stykka opp i 1850, då ein tredel av staten blei delt ut til dagens Colorado, Kansas, New Mexico, Oklahoma og Wyoming, lausreiv seg frå USA igjen etter eit val i 1861, som del av den amerikanske borgarkrigen, og blei teken inn igjen i 1870.

Kjende personar frå Texas endre

 
Skyskraparar i Houston i Texas
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.