Blink

Mål som nyttast til skyting
Sjå òg nettstaden Blink

Ein blink er eit mål ein sikter eller skyt på. Det viser ofte til [midten av] ei skyteskive, men ein kan bruka ei rekke ulike ting til blink. Ein blink er ofte delt inn i felt ved å bruke sirklar, der området mellom sirklane er verdt ein gitt poengsum. Den innarste sirkelen, oftast kalla «midten» gir den høgste poengsummen. «Midt i blinken» er eit norsk uttrykk som viser til ein slik blink, men som har den overførte tydinga at noko er akkurat slik det skal vera.

Piler i ein blink.
Foto: Casito

Ei kjend soge om ein blink er eplet oppå hovudet til sonen til bogeskytaren Wilhelm Tell. Innan populærkulturen viser ein ofte til denne nettopp ved å bruka eple på hovud som blinkar.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.