Skyting

Skyting er det å avfyra eit skytevåpen, anten mekaniske skytevåpen som boge og armbrøst eller ulike handvåpen. Dette kan ein gjera i samband med jakt, som idrett (skytesport) eller som del av ein konflikt.

Skyttar med finkalibra gevær

Når ein går på jakt er hovudpoenget å avfyra skot, mot eit bestemt dyr, som ein fugl eller eit pattedyr, for å avliva dette. Som idrett skyt ein på blinkar, der ein skal treffa eit særskild punkt. Ein må ofte òg skyta i konfliktar som krig, då normalt mot andre menneske.

Avretting ved skyting har tidlegare vore nytta som straffemetode i Noreg, og blir framleis praktisert i enkelte land.

KjelderEndra