Å skjera blodørn er skildra som ein avrettingsmåte frå norrøn tid. Han gjekk ut på at ein skar av ribbeina på begge sider av offeret innmed ryggbeinet, breidde dei til sides slik at dei likna på vengjer, og trekte ut lungene.

Straffa kan tenkast å vera ei gammal rituell handling, men det er også usikkert om noko slikt er blitt utført. Soga om blodørn kan også ha oppstått gjennom fantasifull forteljing eller feilomsetjinger av historiske kjelder.

Snorre Sturlason skildrar blodørn-straff i Soga om Harald Hårfagre.

Kjelder

endre
  • Store Norske Leksikon, Kunnskapsforlaget, utgjeve år?