Blood 148 er eit First Nations-reservat i Alberta i Canada. Det er folkesett av Kainainasjonen (Blood), og blei skipa etter avgjerdene frå Treaty 7 frå 1877.[2] Reservatet blir administrert frå Stand Off ved nordvestgrensa si, og omfattar mesteparten av området tilgrensa av byane Fort MacLeod, Lethbridge og Cardston. Vegane Highway 2, Highway 5 og Highway 509 i Alberta går gjennom det. St Mary-elva og Bellyelva er dei viktigaste elvene i området.

Blood 148
reservat
Levern Community i Blood 148
Land  Canada
Provins Alberta
Areal 1 413,87 km²
Folketal 12 027 (2016)
Kart
Blood 148
49°30′N 113°12′W / 49.5°N 113.2°W / 49.5; -113.2

Reservatet er 1 413,87 kvadratkilometer (545,90 sq mi) stort, og er dermed det største reservatet i Canada, og det tredje mest folkerike etter Six Nations og Akwesasne.

I 2006 hadde Blood 148 eit folketal på 4 177 som budde i 1 250 hushald, ein auke på 8,4 % frå 2001. I 2018 oppgav styresmaktene i Alberta eit folketal på 4 713 i Blood 148.

Under Constitution Act, 1867 ligg den lovgjevande makta over indianarreservat hjå det nasjonale parlamentet og spesifikt hjå Crown–Indigenous Relations and Northern Affairs Canada. Lokalt blir reservatet styrt av eit stammeråd som er blitt leia av Chief Roy Fox sidan 2016.[3][4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Population and dwelling counts, for Canada, provinces and territories, and census subdivisions (municipalities), 2016 and 2011 censuses – 100% data». 20. februar 2019. 
  2. Canada Indian and Northern Affairs. «First Nations in Alberta» (PDF). Henta 24. september 2007. 
  3. Blood Tribe Chief and Council web page - «Chief and Council | bloodtribe». Arkivert frå originalen 24. januar 2014. Henta 8. februar 2014. 
  4. Blood Tribe. «Council». Arkivert frå originalen 5. oktober 2013. Henta 24. september 2007. 

Bakgrunnsstoff endre