Bo Kaspers Orkester

Bo Kaspers Orkester er ei svensk pop- og rockegruppe sterkt påverka av jazz, som vart starta i 1991. Bandet består av songaren og gitaristen Bo Kasper Sundström, bassisten Michael Malmgren, trommisen Fredrik Dahl og Mats Schubert på piano, keyboard og gitar. Gitaristen Lars Halapi var medlem i gruppa fram til 1996. Dei er kjende for fleire jazzprega radiohittar, mellom anna «Söndag i sängen», «Hon är så söt», «Ett & noll», «Amerika», «Svårt att säga nej» (med Lisa Ekdahl) og «I samma bil».

Bo Kaspers Orkester
Bokasper press.jpg
Bo Kaspers Orkester i 2015.
Foto: Jörgen Hildebrandt.
OpphavSverige
Aktiv1991 - i dag
SjangerRock, pop, jazz, lounge.
PlateselskapSony, Columbia.
MedlemmerBo Kasper Sundström
Fredrik Dahl
Michael Malmgren
Mats Schubert
Tidlegare medlemmerLars Halapi (1991-1996)

HistorieEndra

Bandet byrja som eit husband på ein asiatisk restaurant på Kungsholmen i Stockholm. Dei fekk positive tilbakemeldingar av gjestene og byrja å skriva stadig fleire eigne låter.

Bo Kaspers Orkester debuterte i 1993 med albumet Söndag i sängen, og har sidan gjeve ut ytterlegare ti album. I Noreg slo dei gjennom med radiohiten «Hon är så söt» frå albumet På hotell (1994). Sidan har alle albuma deira kome opp blant dei 15 mest selde her i landet.[1]

Med oppfølgjarane På hotell og Amerika nådde bandet ut til eit endå større publikum. Etter desse albuma forlét gitaristen Lars Halapi gruppa og bandet heldt fram som kvartett. I 1998 gjorde gruppa stor suksess med albumet I centrum. Same året vart bandet tildelt ein grammis som «Årets artist».[2] I 1999 oppsummerte bandet sine beste låter på samleplata Hittills. Bo Kaspers Orkester var no etablert som eit av dei mest populære banda i Sverige før dei sleppte platene Kaos (2001) og Vilka tror vi att vi är (2003) Etter desse platene tok bandet ein pause og Bo Sundström gav ut eit soloalbum.

Bo Kaspers Orkester gjorde comeback i 2006 med låta «I samma bil» som gruppa hadde stor suksess med, etterfylgt av albumet Hund. I 2008 heldt dei fram med albumet 8, og i 2010 kom New Orleans. Bo Kaspers Orkester gav ut sitt tiande studioalbum i 2012, Du borde tycka om mig. I 2015 kom Redo att gå sönder, som så langt er det siste.

DiskografiEndra

StudioalbumEndra

  • 1993 – Söndag i sängen
  • 1994 – På hotell
  • 1996 – Amerika
  • 1998 – I centrum
  • 2001 – Kaos
  • 2003 – Vilka tror vi att vi är
  • 2006 – Hund
  • 2008 – 8
  • 2010 – New Orleans
  • 2012 – Du borde tycka om mig
  • 2015 – Redo att gå sönder

SamlealbumEndra

  • 1999 – Hittills
  • 2000 – You and Me
  • 2009 – Samling
  • 2013 – Så Mycket Bo Kaspers Orkester

VideoalbumEndra

  • 2004 – Sto-Gbg
  • 2007 – Bo Kaspers Orkester Live, Vega Köpenhamn
  • 2009 – Bo Kaspers Orkester Live in consert 2009, Göteborgs konserthus

SinglarEndra

  • 1992 – Det går en man omkring i mina skor
  • 1992 – Söndag i sängen
  • 1993 – Köpenhamn
  • 1994 – Ni bad om det
  • 1994 – Mindre smakar mer
  • 1994 – Puss
  • 1994 – Hon är så söt
  • 1995 – Ingenting alls
  • 1996 – Amerika
  • 1996 – Ett & noll
  • 1997 – Vi kommer aldrig att dö
  • 1997 – Önska dig en stilla natt
  • 1998 – Undantag
  • 1998 – Semester
  • 1999 – Allt ljus på mig
  • 2001 – Ett fullkomligt kaos
  • 2002 – Människor som ingen vill se
  • 2003 – Långsamt
  • 2003 – Dansa på min grav
  • 2006 – I samma bil
  • 2006 – En man du tyckte om
  • 2006 – Hund
  • 2008 – Innan allt försvinner
  • 2009 – Intill dig (med Pauline Kamusewu)
  • 2009 – Vi kommer aldrig att dö (nyinnspeling)
  • 2010 – Låt mig komma in
  • 2015 – Sommaren
  • 2017 – En sländas andetag

KjelderEndra

FotnoteEndra

  1. Bergan, Jon Vidar (26. januar 2018). «Bo Kaspers Orkester». Store norske leksikon. Henta 3. juli 2018. 
  2. «Grammisvinnare 1969-2014» (PDF). Ifpi. s. 8. Arkivert frå originalen (pdf) 24. september 2015. Henta 6. januar 2016.