Bogesverd er ein type sverd som har vore nytta på nokre motorsager. På tidlege motorsager hadde sverdet ofte stor breidd, noko som førte til at det lett kom i klem ved kapping. Nokre produsentar utstyrte difor sagene sine med eit tynt sverd, og førte kjeda attende i ein boge over sverdet. Når tømmeret hadde så liten diameter at det fekk rom under bogen var det mindre risiko for det tynne sverdet kom i klem når stokken stod i spenn. Slike sager fekk mest innpass i område der tømmeret hadde små dimensjonar. Bogesverd er problematisk ved felling, etter som det krev stor plass rundt rota på treet. Ved kapping i terrenget kan det òg vera til hinder når det ligg kvist rundt stammen. Dei fleste motorsagene med bogesverd vart selde i Nord-Amerika, og vart ofte nytta til kapping på sagbruk, der det er god plass rund kvar einskild stamme.

Dolmar CB35 med bogesvers.