Bombinga av Domodedovo internasjonale lufthamn
Bombinga av Domodedovo internasjonale lufthamn var eit sprengingsattentat som fann stad 24. januar 2011 på Domodedovo internasjonale lufthamn, 40 km utanfor Moskva i Moskva oblast i Russland.
Minst 37 personar vart drepne og 180 vart skadde, inkludert 86 som vart lagde inn på sjukehus. Sjølvmordsbombaren var ein 20-åring frå Nord-Kaukasus. Han sa at angrepet var retta «fyrst og fremst» mot utanlandske statsborgarar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Domodedovo International Airport bombing» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2011.