Moskva oblast
| |||||
![]() | |||||
Hovudstad | Moskva | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 57. 45 800 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 2. | ||||
Føderalt distrikt | Sentrale | ||||
Økonomisk region | Sentrale | ||||
Regionsnummer | 50 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Andrej Jurjevitsj Vorobjov | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0300 |
Moskva oblast, (russisk Московская область) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Administrasjonssenteret er i byen Moskva, sjølv om byen ikkje sjølv er ein del av provinsen Moskva oblast. Arealet er 45 800 km² og innbyggjartalet er 7 095 000 (2010).
Demografi Endra
Det finst mange byar med over 100 000 ibuarar i Moskva oblast. Dei største er Balasjikha (215 500 ibuarar), Khimki (207 400), Podolsk (188 000 ibuarar), Koroljov (183 400) Mytisjtsji (173 200), Ljubertsy (172 500) og Elektrostal (155 200).[1]
Som sentrum for eit multietnisk imperium i fleire hundre år har Moskva-regionen tiltrekt seg innflyttarar frå heile den tidlegare Sovjetunionen. Ved folketeljinga i 2010 var det tolv folkegrupper som det fanst fleire enn 10 000 av i Moskva oblast. Det store fleirtalet, 87,4 % av folkesetnaden, var likevel etniske russarar. Den største minoritetsgruppa var ukrainarar, som utgjorde 1,7 % av folket. Ingen andre folkegrupper utgjorde meir enn 1 % av folketalet.[1]
Fotnotar Endra
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Vserossijskaja perepis naselenija 2010 - Folketeljinga i Russland 2010
Bakgrunnsstoff Endra
- Moskva oblast sine nettsider på russisk.
- Artikkel frå NUPI på engelsk.