Bon Iver
Studioalbum av Bon Iver
Utgjeve 17. juni 2011
Innspelt November 2008–Desember 2010
Sjanger Indiefolk, folk, barokkpop
Lengd 39.25
Selskap Jagjaguwar, 4AD
Produsent Justin Vernon
Bon Iver-kronologi
Blood Bank (2009) Bon Iver 22, A Million
(2016)


Bon Iver (også kjent som Bon Iver, Bon Iver) er det andre studioalbumet frå den amerikanske indiefolk-gruppa Bon Iver, utgjeve 17. juni 2011. Det har 10 songar og markerte ei ny musikalsk retning for gruppa.

Albumet var ein kommersiell suksess, der det debuterte som nummer ein på dei norske og danske albumlistene, og som nummer to på den amerikanske topplista Billboard 200. Det selte 104 000 kopiar den første veka i USA, og har selt totalt 629 000 kopiar i landet sidan utgjevinga. Det fekk positive kritikkar og vart kåra til «Årets album» hjå fleire publikasjonar i 2011. Albumet vann ein Grammy Award i 2012 for beste alternative musikkalbum, medan songen «Holocene» vart nominert til «Årets song» og «Årets innspeling».

InnhaldEndra

All tekst er skriven av Justin Vernon, utanom «Calgary», som er skriven av Vernon og Matt McCaughan.

Nr.TittelLengd
1.«Perth»4.22
2.«Minnesota, WI»3.52
3.«Holocene»5.36
4.«Towers»3.08
5.«Michicant»3.45
6.«Hinnom, TX»2.45
7.«Wash.»4.58
8.«Calgary»4.10
9.«Lisbon, OH»1.33
10.«Beth/Rest»5.16
Total lengd:39.25

ReferansarEndra

  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.