Border collie er ein hunderase som vert brukt som gjetarhund.[1] Border collien kjem frå grenseområda mellom England og Skottland som blir kalla «The Borders».

Raud og kvit border collie.

I motsetnad til dei fleste andre hunderasar vert det ikkje drive avl på border collie for å fremje utsjånad. Det viktigaste med denne hunderasen er brukseigenskapane. Border collie er ikkje primært eit kjæledyr, han er ein en svært intelligent arbeidshund som blir avla for gjetareigenskapane sine. Han har høgt aktivitetsnivå og treng mykje mosjon.

Border collie kan vera svart, raud brun, eller svart, og med kvite teikningar og spettar. Etter ein avtale mellom Norsk Kennel Klubb og Norsk sau og Geitealslag (NGS) er det NGS som er spesialklubb for border collie i Noreg.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.