Scotland (skotsk/engelsk)
Alba (skotsk-gælisk)
Det skotske flagget
Det skotske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Motto: Nemo me impune lacessit
(latin,
Ingen går mot meg ustraffa)
Geografisk plassering av Skottland
Offisielle språk Engelsk (i røynda), skotsk, skotsk gælisk
Hovudstad Edinburgh
Styresett
Konge
Førsteminister
Monarki
Charles III
Humza Yousaf
Flatevidd
 - Totalt
 - Del vatn
 
78 782 km²
1,9
Folketal (2001)
 - Tettleik
5 062 011
64/km²
Status Del av Storbritannia
Personalunion med England

Vedtok union med England

25. juli 1603

1. mai 1707
Valuta Britisk pund
Tidssone UTC
Nasjonalsong «God Save the Queen (offisielt)
Flower of Scotland (i røynda)»
Nasjonaldag Ingen, men ein prøver å etablera St. Andrew's Day (30. november)
Internasjonal telefonkode +44
Topografisk kart over Skottland
Topografisk kart over Skottland


Skottland er eit tidlegare uavhengig kongedøme i Nordvest-Europa som dekkjer norddelen av øya Storbritannia og øyane kring. Landet er ein av dei fire nasjonane som utgjer Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland, jamnast omtala som Storbritannia.

Styresett og politikk endre

Nasjonalt endre

Regjeringsmakt over Skottland er delegert frå det britiske parlamentet til det skotske parlamentet gjennom Skottlandlova av 1998. Det skotske parlamentet har både lovgjevande og utøvande makt; den utøvande makta vert sett i verk av ein eksekutivkomité («Scottish Government») med ein fyrsteminister som leiar. Førsteministeren vert vald av parlamentet og peikar deretter ut ministrar til å styra ilag med seg. Det skotske sjølvstyret inneber ansvar for m.a. utdanning, politi og rettsvesen, helsestell og landbruk. Parlamentet har høve til å regulera inntektsskatten innan visse grenser.

Representantane til parlamentet vert delvis valde frå enkeltpersonkrinsar (der den med flest stemmer vert valt) og dels frå regionale partilister ved forholdstalsval. Det er 73 einmannskrinsar og åtte regionar. Det er vanlegvis val kvart fjerde år, men fyrsteministeren kan skriva ut nyval dersom regjeringa ikkje lenger har fleirtal bak seg i parlamentet.

Etter valet i mai 2007 er Skottland for fyrste gong styrt av ein fyrsteminister frå nasjonalistane (Scottish National Party, SNP). SNP har 47 av dei 129 seta i det skotske parlamentet og er såleis avhengig av støtte frå opposisjonspartia for å få gjennomført politikken sin. Dei har ei avtale om støtte på visse vilkår frå Scottish Green Party (to representantar), men treng i tillegg støtte frå andre parti for å ha fleirtal. SNP vil ha auka makt til det skotske parlamentet og på lengre sikt skotsk sjølvstende. Dei andre partia i parlamentet er det skotske arbedarpartiet (Scottish Labour Party, 46 representantar), toryane (Scottish Conservative Party, 17), dei liberale (Scottish Liberal Democrats, 16) og ein uavhengig representant. Sosialistane (Scottish Socialist Party) hadde seks representantar i føregåande peroide (2003-2007), men tapte alle etter mykje intern uro i partiet med påfylgjande splitting og oppretting av eit nytt sosialistisk parti, Solidarity.

I dei to fyrste periodane (1999-2003 og 2003-2007) var Skottland styrt av ein fleirtalskoalisjon av arbeidarpartiet og dei liberale.

Lokalt endre

Skottland er delt inn i 32 regionar, såkalla «council areas», som er ein mellomting mellom norske kommunar og fylke. Kvar region har eit råd («council») med valde representantar som er på val kvart fjerde år. Desse representantane vert sidan 2007 valde frå fleirmannskrinsar - tidlegare einmannskrinsar. Kvar region kan ha fleire uformelle råd («community councils») som representerer spesifikke geografiske område innan regionen. Regionrådet er ansvarleg for alt av offentlege (tilsvarande kommunale) tenester i regionen.

 
Slottet Urquhart sett frå innsjøen Loch Ness.

Geografi endre

Skottland grensar mot England i sør og omfattar øygruppene Shetland, Orknøyane og Indre og Ytre Hebridane. Landet er geografisk, historisk og kulturelt delt inn i låglandet og høglandet.

Geologi endre

For meir om dette emnet, sjå skotsk geologi.

Geologisk kan Skottland delast i tre regionar:

Dei eldste bergartene i Skottland er dei eldste i Europa og blant dei eldste bergartene i verda. Grunnfjellet vart danna for opptil 3000 millionar år sidan. Bergartene er sett saman av gneis som finst vest for Moine-forkastinga på fastlandet, på dei Ytre Hebridane og på øyane Coll og Tiree.

Historie endre

For meir om dette emnet, sjå skotsk historie og Skottland i høgmellomalderen.

Skotsk historie går svært langt tilbake i tid. Kongeriket vart sameint i 843 av kong Kenneth I av Skottland, og var eit sjølvstendig land fram til 1. mai 1707, då det gjekk i union med England.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skottland