Borjana Krišto
Borjana Krišto (fødd 13. august 1961) er ein bosnisk kroatisk politikar som har vore statsminister i Bosnia-Hercegovina sidan 25. januar 2023. Ho var tidlegare, frå 2007 til 2011, president i føderasjonen Bosnia-Hercegovina. Ho var den første kvinna i begge desse stillingane.
Borjana Krišto | |||
| |||
Fødd | 13. august 1961 (63 år) Livno | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Bosnia-Hercegovina | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Banja Luka | ||
Alle verv |
|
Krišto er utdanna jurist ved Universitetet i Banja Luka. Etter valet i Bosnia i 2006 blei ho president i Bosnia-Hercegovina-føderasjonen frå februar 2007, eit embete ho hadde fram til mars 2011. I juni 2011 var ho ein av kandidatane til valet som leiar for ministerrådet, men ho blei ikkje vald.
Krišto har sidan 1995 vore medlem av Den kroatiske demokratiske unionen i Bosnia-Hercegovina og ho var kandidaten til partiet til presidentskapet både i 2010 og i 2022, men lykkast ikkje i å bli vald i nokon av desse vala.
I januar 2023, etter det bosniske valet i desember 2022, blei Krišto føreslegen som leiar for ministerrådet og ho blei godkjend av nasjonalforsamlinga i landet. Ho avløyste Zoran Tegeltija.
Biografi
endreKrišto vaks opp i Livno og har vidaregåande utdanning i økonomi og universitetsutdanning i juss. Ho tok embetseksamen i juss i Sarajevo.[1] Ho arbeidde i jussavdelinga i ulike føretal: Agro Livno (1987–1988), Guber Livno (1990–1991), Likom Livno (1991–1992) og Livno bus (1995–1999).[1]
I 1995 gjekk Krišto inn i Den kroatiske demokratiske unionen og starta den politiske karrieren sin. Ho vart nestleiar i partiet i 2007.[2] Ho var justisminister i Kanton 10 (ein av delstatane i Bosnia-Hercegovina) frå 1999 til 2000 og sekretær for delstatsregjeringa til 2002. I 2002 blei ho vald inn i Representanthuset, men ho tok ikkje sete der fordi ho blei utnemnd til justisminister i landet. I 2006 blei ho attvald til Representanthuset, og ho blei også vald inn i parlamentarikarforsamlinga i Europarådet. Ho trekte seg frå begge desse postane då ho blei vald til president for Bosnia-Hercegovina-føderasjonen 22. februar 2007.[3] Ho var president fram til 17. mars 2011, då ho blei etterfølgd av Živko Budimir.[4]
Ved valet i 2010 stilte Krišto som kroatisk kandidat til presidentskapen, men ho fekk berre 19,74 % av røystene mot sosialdemokratane sin kandidat, Željko Komšić, som fekk 60,61 %.[5] Etter dette valet var ho representant i Folkets hus (det andre kammeret i parlamentet i Bosnia-Hercegovina).
Ved valet i 2014 blei Krišto nok ein gong vald inn i Representanthuset, og ho blei attvald i 2018. I 2022 stilte ho som Den kroatiske demokratiske unionen sin kandidat til presidentskapen. Ved valet 2. oktober 2022 tapte ho for den sitjande bosnisk-kroatiske sosialdemokraten Željko Komšić. Komšić fekk 55,80 % av røystene mot Krišto sine 44,20 %.[6]
Etter valet i 2022 blei det semje om ein koalisjon mellom Alliansen av uavhengige sosialdemokratar, Den kroatiske demokratiske unionen og Det sosialdemokratiske partiet for å danne ei regjering med Borjana Krišto som leiar for ministerrådet.[7] Ho blei offisielt nominert 22. desember og Representanthuset godkjende utnemninga 28. desember 2022. Ministerrådet tiltredde 25. januar 2023.[8]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Borjana Krišto». imovinapoliticara.cin.ba (på bosnisk). Henta 16. desember 2022.
- ↑ «Biografija». 7. april 2014. Arkivert frå originalen 7. april 2014. Henta 17. juli 2023.
- ↑ «Borjana Krišto iz HDZ-a predsjednica Federacije BiH». dnevnik.hr. 22. februar 2007.
- ↑ «Životopis». President of the Federation of Bosnia and Herzegovina. Arkivert frå originalen 19. april 2012. Henta 17. juli 2023.
- ↑ «Potvrđeni rezultati Općih izbora 2010. godine: Predsjedništvo BiH - Hrvatski član». Central Election Committee of BiH.
- ↑ «Bećirović dobio 116 hiljada glasova više od Izetbegovića, a Cvijanović sama više od svojih protukandidata skupa». Klix.ba. 23. oktober 2022.
- ↑ «'Osmorka', HDZ BiH i SNSD potpisali 'historijski' sporazum». Al Jazeera Balkans. 15. desember 2022.
- ↑ «BosniaFinally Forms State-Level Government». Balkan Insight. 25. januar 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Borjana Krišto» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mars 2024.