Boston er hovudstaden og den største byen i delstaten Massachusetts i USA. Boston er òg den største byen i regionen New England og er derfor ofte sett på som ein slags hovudstad i New England. Byen er ein av dei eldste og mest velståande i USA, med ein økonomi basert på utdanning, helsestell, finans og høgteknologi. Boston har nærare 620 000 innbyggarar. Saman med mellom anna kommunane Cambridge og Newton dannar Boston eit samanhengande byområde med nærmare 5 millionar innbyggarar.

Boston
Stuart Street, Boston MA.jpg
Motto: Sicut patribus sit Deus nobis
Land Flag of the United States.svg USA
Fylke Suffolk County
Del av New England
Areal 232,1 km²
Type by
Folketettleik 4 924 / km²
Grunnlagd 17. september 1630
Borgarmeister Michelle Wu
Tidssone Eastern UTC-5

Boston
42°21′37″ N 71°3′28″ W
Wikimedia Commons: Boston
Nettstad: http://www.cityofboston.gov

Byen blei grunnlagt 17. september 1630 og er oppkalla etter Boston i England. Boston har spelt ei sentral rolle i historia til USA. Frigjeringskrigen frå Storbritannia starta her gjennom Boston Tea Party. Boston er mellom dei fremste både når det gjeld kultur og utdanning og har ei rekke kjente institusjonar på desse områda.

Boston blir styrt av ein borgarmeister og eit City Council. Borgarmeisteren, som er den dominerande styresmakta, blir vald for ein periode på fire år. Bystyret blir valt for ein periode på to år.

HistorieEndra

Boston var ein av dei tretten opphavlege statane i USA, og blei fyrst folkesett av europearar i 1630.[1] Boston var ein av dei fyrste byane i USA til å gjera motstand mot den britiske kolonistyresmakta. I 1770 var det stor misnøye over skattane innførte av Storbritannia, og folk reagerte ved å gjera narr av soldater. Ved eit høve braut det ut døyeleg vald då britiske soldatar skaut mot ei folkemengd og drap fem personar i den såkalla Bostonmassakren.[2] Ei betre kjend hending var då amerikanske patriotar kledde seg ut som indianarar, 16. desember 1773, og lurte seg ombord på båtar lasta med te frå det Austindia-kompaniet og velta fleire hundre kassar med te ut i vatnet, som ein reaksjon etter at britane aukte skatten på te i 1773.[3][4] Dette blei seinare kalla Boston Tea Party.[5] Briteae reagerte med å blokkera hamna med kampskip og innførte strengt militært styre i byen.[3] Dette var del av opptakten til den amerikanske revolusjonen.[6]

Kjende utdanningsinstitusjonarEndra

KulturEndra

Boston har ei rekke kjente kulturinstitusjonar

SportEndra

KjelderEndra

  1. «Boston - Recreation». Encyclopedia Britannica (engelsk). Henta 12. februar 2020. 
  2. «Boston Massacre». www.ushistory.org. Henta 12. februar 2020. 
  3. 3,0 3,1 «The Boston Tea Party». HISTORY (engelsk). Henta 12. februar 2020. 
  4. «Tea Act». HISTORY (engelsk). Henta 12. februar 2020. 
  5. «American Revolution History | Guide To The Revolutionary War». Boston Tea Party Ships (engelsk). 24. september 2019. Henta 12. februar 2020. 
  6. «American Revolution History | Guide To The Revolutionary War». Boston Tea Party Ships (engelsk). 24. september 2019. Henta 12. februar 2020. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Boston