Denne artikkelen handlar om ein skotsk musikkstil. For musikkgruppa, sjå The Bothy Band.

Bothy band er ein type skotsk musikkgruppe med opphav i jordbrukskulturen i Skottland på 1800-talet. På denne tida var jordbruket relativt arbeidsintensivt. Som eit resultat hadde store gardar ofte eit lite samfunn tilknytt dei, kjend som the farm toun. Dette var danna av ektepar som budde i småhus og ugifte menn som budde saman i ein enkel bygning med eitt rom, kjent som ein bothy.[1] For å underhalda seg sjølv og dei andre medlemmene i toun kunne dei unge mennene i bothyen halda musikalske kvelder, bothy nichts, med musikk frå sitt eige improviserte band, bothy band. Eit god band kunne bli velkjent utanfor busetnaden, og bli etterspurt til lokale dansetilstellingar. Særleg songar frå fyrste halvdelen av 1800-talet (1820–60) som er knytte til denne musikkforma er blitt kalla bothy ballads, eller bothyballadar.[2]

Kjelder endre

  1. Hey, David (1997). «bothy» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-860080-0. 
  2. Morton, Graeme (2012), Wormald, Jenny, red., Ourselves and Others: Scotland 1832-1914 (NED - New edition, 2 utg.), Edinburgh University Press, ISBN 978-0-7486-2048-7, henta 23. desember 2023