Botnfjorden i Sørfold

Koordinatar: 67°35′28″N 15°26′39″E Botnfjorden er den inste delen av Sagfjorden i Sørfold kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 2,5 km sørover til den veglause garden Botn inst i fjorden.

Fjorden har innløp gjennom eit smalt sund kalla Straumen like aust for Straumskjæran. Bortsett frå Botn er det ingen andre busetnader ved fjorden. Det går ein over 200 meter høg skrent langs austsida av fjorden kalla Per Jensafjellet.