Sagfjorden i Sørfold

fjord i Sørfold

67°37′26″N 15°16′45″E / 67.62389°N 15.27917°E / 67.62389; 15.27917

Flyfoto frå aust av Nordfolda med dei ytre delane av Sagfjorden ned til venstre
Foto: Erlend Bjørtvedt

Sagfjorden er ein fjordarm av Folda i Sørfold kommune i Nordland. Fjorden er ei fortsetjing av Revsfjorden strekkjer seg 12 km austover til Botn inst i Botnfjorden botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Seglvikneset i vest og Revsnesodden i aust, like aust for Prestmåsøya. Movika og garden med same namn ligg på nordsida av fjorden, rett innanfor innløpet, men elles er det få busetnader langs fjorden. Inst i fjorden ligg Sagfjordbotn og garden Sagfjord. Her går eit smal sund vidare inn til Botnfjorden. Inst i Botnfjorden ligg den veglause garden Botn.