Opna hovudmenyen

Botolv Helleland (fødd 9. juni 1940) er ein norsk namnegranskar.

Botolv Helleland
Fødd9. juni 1940
Yrkespråkforskar

Botolv Helleland har sidan 1984 vore ein av Statens namnekonsulentar for Austlandet og Agder. Han har sidan starten i 1983 vore hovudredaktør for Nytt om namn, meldingsbladet til Norsk namnelag.

BakgrunnEndra

Botolv Helleland voks opp i Ullensvang i Hardanger. Han var den andre i ein syskenflokk på fem som voks opp på garden Helland i Ullensvang. Foreldra var Jon og Borghild, f. Vatne. Han gjekk realskulen i Øystese 1956-58 og tok artium ved Hordaland fylkeskommunale gymnas i 1960. Det neste året var han realskulelærar i Årdal i Sogn. Hausten 1961 byrja han på filologistudiet ved Universitetet i Oslo og tok fransk og tysk mellomfag Han tok hovudfag i 1970 ved Universitetet i Oslo med stadnamn på Hardangervidda som tema for hovudoppgåva.

ArbeidslivEndra

Etter embetseksamen i 1970 var han eitt år som stipendiat i NRK-radio. I denne perioden og seinare stod han for ei rekkje radioprogram om stadnamn og målføre, som «Kvar i landet er denne røysta frå?».

I 1972 vart han tilsett som arkivar ved Norsk stadnamnarkiv. Arkivet vart lagd inn under Historisk-filosofisk fakultet ved UiO i 1978 og fekk namnet Institutt for namnegransking. Helleland fekk opprykk til fyrsteamanuensis i 1988. Han vart oppnemnd som stadnamnkonsulent etter Per Hovda i frå 1984 og har vore det seinare. Han var med Stadnamnutvalet som i 1983 la fram framlegget til lov om stadnamn. Helleland har undervist ved UiO fram til han i 1970 vart pensjonert. Han har òg halde mange kurs i stadnamn og innsamling av stadnamn rundt om i landet.

Helleland har skrive og publisert fleire hundre større og mindre arbeid innan namnegransking og målføre, for det meste artiklar. Han har òg skrive eller gjeve ut ei rekkje bøker og konferanserapportar åleine eller saman med andre, som Norske stedsnavn/stadnamn (1975), Norsk språk i Amerika/Norwegian Language in America (1991), Adresser og stadnamn. Del 2. Stadnamn i offentleg og privat bruk (1993), Utanlandske namn i Norden (2000), Neame Research and Teaching, Onoma 39 (2004), Stedsnavn i Kjose (2008), Names and Identities (2012).

Botolv Helleland har hatt ei rekkje ombod i nasjonale og internasjonale lag og organisasjonar. Han har vore instituttleiar i fleire periodar og medlem i fakultetsstyret, leiar i Norsk namnelag i fleire periodar, redaktør for Nytt om namn sidan starten i 1984, medlem i Almanakk-komiteen, visepresident i International Council of Onomastic Sciences i to periodar, norsk representant i UNGEGN (United Nations Group of Experts on Geographical Names) sidan 1987, president for den 10. FN-konferansen om stadnamn i New York 2012. Leiar i Hardinglaget i Oslo i til saman 14 år, redaktør av jubileumsboka Hardingar i hundre (2014).

KjelderEndra