Bots- og bønnedag

(Omdirigert frå Bots- og bededag)

Bots- og bønnedag, tradisjonelt bots- og bededag, er ein dag vigd til bøn og syndsvedkjenning. I Danmark (store bededag) og på Færøyane (dýri biðidagur) er han lagt til fjerde fredag etter påske og nasjonal heilagdag. I Den norske kyrkja er dagen no lagt til siste søndagen i oktober.

Bots- og bønnedag på ein kyrkjegard i Kiel i 1968.

Bakgrunn endre

Frå gammalt av har det i kyrkjene vore halde bots- og bededagar etter store ulykker og liknande høve.

Den faste bots- og bededagen er spesiell for kyrkjene i Danmark og Noreg. Bakgrunnen for dagen var ein kongeleg forordning av 27. mars 1686:

I begge Riger og tilhørige Lande skal aarlig paa fjerde Fredag etter Paaske holdes en extraordinair Bededag. Dagen skulle kunngjerast frå preikestolane søndagen i førevegen, og formane deres Tilhørere, at de med en christelig Forberedelse forrette dette hellige Værk i Ædruelighed, Skikkelighed og med gudelig Andakt, og saaledes omvende sig til Gud af ganske Sjæl og Hjerte, at det stedse maa sees og fornemmes i al deres Liv og Levnet.

Innhald endre

Det er skrive eigne bededagssalmar som viser kva for preg dagen har. Døme på slike er første verset av nummer 238 i Norsk Salmebok, skrive av Georg Thymus i 1541, omsett av Kristoffer J. Ørjavik i 1979:

Vend bort din vreide!
Gud, hald han attende!
Domen til døden
må du frå oss vende!
Fri oss frå skulda, frels oss frå all våde,
spar oss i nåde!

Uttrykket å setje opp eit be'dagsansikt, om tydeleg å vise at ein er svært lei seg eller vonbroten, seier noko om dagen i folketradisjonen.

Dato endre

Bededagen vart altså lagt til fjerde fredagen etter påske.

Ved lov av 28. mai 1915 vart dagen i Noreg flytta til fredagen før Helgemesse.

Ved lov av 22. desember 1950 vart bots- og bededagen lagt til søndagen før Helgemesse.