Fredag (norr. frjádagr) er ein dag i veka mellom torsdag og laurdag. Han er ein viktig dag i fleire kulturar, som heilagaste dag for muslimar, innleiinga til sabbaten for jødar, og siste kvardagen før helga i den moderne kalenderen som blir brukt i store delar av verda.

Fredagen byrjar den jødiske sabbaten, gjerne med eit måltid med familie eller venner.
Foto: Sam Felder
Veka

Ordsoge og mytologi endre

germanske språk er dagen kalla opp etter gudinna Frigg[1], som på gamalhøgtysk heitte Frîja, på langobardisk Frea. Det er truleg ikkje rett at fredagen har namnet etter den norrøne vanegudinna Frøya, som ofte vert nemnd som eit alternativ i nordisk samanheng[2]. I norrøn religion var rett nok både Frigg og Frøya gudinner for dei fruktbare kreftene, men det var likevel stor ulikskap mellom dei to med omsyn til funksjonsområda deira, slik det mellom anna går fram av at Frøya var ei vanegudinne, i motsetnad til Frigg. På romanske språk er fredagen kalla opp etter den romerske gudinna Venus, som har mykje meir til felles med den fellsgermanske Frigg enn den norrøne Frøya. Innan hinduismen er dagen vigd gudinna Laksjmi og planeten Venus, som begge står for velstand.

Kvekarar har kalla fredagen «den sjette dagen» for å unngå dei heidenske tydingane knytte til «fredag». På slaviske språk er han kjend som «den femte dagen» (polsk piątek, russisk пятница – pjatnitsa).

Fredag som heilagdag endre

Islam endre

 
Fredagsbøn i Malaysia.

Fredag er den viktigaste vekedagen i islam, og det er svært vanleg å be fredagsbøna i ein moské der det også blir halde preike. I mange muslimske land reknar ein no dagen for å vera den siste i veka. Fredagen er nemnd i Koranen som ein dag ein skal avslutta handel og i staden minnast Gud.[3] I muslimsk tradisjon blei Adam skapt på ein fredag.

I og med at fredagen var den viktigaste marknadsdagen i områda der islam oppstod, så vart fredagen ein særleg eigna dag for misjonsverksemd for muslimar — og fredagen fekk dermed tidleg status som offentleg bønne- og preikedag i islam.

Bahai endre

Fredagen er også kviledag i bahai, som sprang ut av islam.

Jødedommen endre

Den jødiske sjabbáten (sabbaten) startar når sola går ned fredagen. Då er det vanleg å samla seg til eit familiemåltid med levande lys, og halakháen (jødisk religiøs lov) pålegg jødar å leggja ned alt arbeid heilt til sjabbáten er over etter solnedgang på laurdag. I samband med førebuing til den jødiske sjabbáten har det tradisjonelt vore marknadsdag på fredag mange stader.

Kristendommen endre

 
«Friday» (1883) av Walter Sadler. Munkar med fastemåltid av fisk og hummar.

Frå gammalt av har fredagen markert overgangen til sabbaten (kviledagen) i ein del kristne samfunn — i motsetnad til søndagen, som vart markert som Herrens dag. Dette ser ein framleis spor av i dagsnamna på romanske språk. I dei fleste kyrkjesamfunna har ein etterkvart gått over til å markere søndagen som kviledag, men enkelte kyrkjesamfunn markerer framleis fredagskvelden som byrjinga på kviledagen.

I kristendommen har fredag frå gammalt av vorte markert med faste til minne om krossfestinga av Jesuslangfredag. I katolsk samanheng vil faste seie å avstå frå å eta kjøt, i ortodoks kristendom også (oliven)olje og alkohol. Av denne grunnen har det vore vanleg å servere fisk heller enn kjøt på fredagar. Dagen kan også særmerkast for fromme eller veldedige handlingar.

Fredagstru endre

Europeisk overtru med røter tilbake til mellomalderen reknar fredag som ein ulukkesdag. Ein har mellom anna meint at å bli fødd, reisa, flytta, byrja med nytt arbeid eller gjera forretning, gjera kur eller gifta seg denne dagen var uheldig. I nyare tid kan ein snakka om at trafikkulukker skjer ofte på fredager, noko som ganske enkelt kan ha samanheng med mykje helgetrafikk.

Trua stammar truleg frå den kristne knytinga av fredag til langfredagen. Om fredagen fell på det uheldige talet tretten som fredag den 13. er det spesielt skjebnesvangert, noko som igjen kan knytast til den kristne kossfestingssoga med Judas Iskariot som den trettande disippelen som sveik Jesus.

Fredagen var ikkje berre ulukke. Eit barn fødd på fredagsnatt kunne ifølge engelsk folketru lega sjuke plantar og dyr, ha magiske evner og sjå og snakka med skrømt og alvar utan mein.

Eit engelsk ordtak seier at draumar drøymde mellom fredag og sundag kan stolast på:

Friday's dream on Saturday told
Is bound to come true, be it never so old.

Fredag som start på helga endre

 
Fredagskveld på ein koreansk PC Bang, eit senter der mange kan spela nettspel samstundes.

Med den moderne femdagarsveka, der laurdag og sundag er fridagar, markerer fredagen byrjinga på helga. Dette kan føra til at ein set ekstra pris på dagen, eller at ein kjenner seg ekstra trøytt ved slutten av ei hard veke. Venner og kollegaer nyttar ofte fredagen til sosialt lag, som fredagspils eller andre fritidsaktivitetar.

Det er også vanleg å slappa av med å sjå fjernsyn fredagen. Dei mest sette fjernsynsprogramma i Noreg blir sende denne dagen. Både «gullrekkja» og «detektimen» er blitt omgrep knytte til fredagssendingane frå NRK.[4]

 
Casual Friday kan ein trø til med gule sokkar.

I ein del verksemder som har strenge reglar for kledestil er det mogleg å kle seg litt enklare på fredagar; på engelsk blir dette gjerne kalla Casual Friday.

Anna endre

  • Robinson Crusoe gav namnet Fredag til den ukjende mannen han møtte på si einsame øy ettersom han møtte mannen denne dagen.
 
Børsnoteringar for fallande gullprisar ein «svart fredag» i 1869.

Kjende fredager endre

  • Langfredag
  • «Svartefredag» kan visa til ei rekkje vonde eller vanskelege fredagshendingar, men er òg ein årleg handledag som finn stad dagen etter Thanksgiving i USA.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Simek 2003, side 156, Simek 1996, side 93, oppslagsorda Friday og Frigg.
  2. Oppslagsordet fredag i Nynorskordboka og Store norske leksikon
  3. Koranen, sure 62:9 Arkivert 2009-10-08 ved Wayback Machine., engelsk omsetjing
  4. «Sjekk disse seertallene!» 12.10.2009 ved kampanje.com, «Ny rekord for Nytt på nytt»[daud lenkje] ved NA24, 15.10.07, «Ny rekord på nytt» Arkivert 2009-08-31 ved Wayback Machine. ved NA24, , 12.11.07.