Brødremesse var ein merkedag på primstaven som blei feira den 20. januar. Dagen var til minne om martyrane Fabian og Sebastian som blei drepne med pil og øks. Desse har i tradisjonen blitt oppfatta som brør.

Helgenane Fabian og Sebastian hadde same minnedag og blei ofte framstilla saman.

Dagen var markert med ei øks, pil, eller øks og pil saman, to krossar eller ei bispehue.

Øks som primstavmerke var og påminning om at ein måtte hogge emneved i tide før det byrja stige sevje i trea.

Vestlandet blei òg namnet stamnbrødremesse nytta om denne dagen, etter stamn på båten. Dei som skulle ro fiske saman på våren avtalte dette på denne dagen.